Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Tjovhola - tur-retur 1 km

Tjovhola – Bygland 385 moh.

Løypa tek til ved riksveg 9, 500 meter sør for Neset Camping, grei parkering.

Heile vegen opp til Tjovhola er bratt, men er grei å gå i tørt skogsterreng. Tjovhola er skapt av naturen – med litt hjelp av menneske. Ein har tatt ut mineralet flusspat i samband med koparverket i Åraksbø i gamal tid. Opninga er 15 meter brei og 12 meter høg, og botnen skrår bratt oppover mot taket, rundt 30 meter innover. Gamle segner fortel om tjuvar som heldt til her. Frå hola er det flott utsyn over fjorden.

Tak tid til å sjå deg rundt. Heile området har ei særs rik flora.


Lengde: 1 km tur-retur

Stigning: 150 meter

Tidsbruk: 2 timar

Vanskegrad:
Kort, men krevjande, med vanskelege parti. Kan vere glatt, og stavar anbefalast.

Last ned kartblad

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Tjovhola - tur-retur 1 km

Sider du nylig har besøkt