Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Setesdal Valle

Topptur på ski til Hengjefjell i Valle

  •  /  km From You
Overview

Dette er toppturen i Setesdal som gir deg heile tusen høgdemeter nedkøyring.

Dette er den einaste toppen i Setesdal som gir deg tusen høgdemeter nedkøyring. Turen krev litt logistikk, og ein er avhengig av to bilar. Den eine parkerast på botnpunktet Løyland, og den andre køyrast til startpunktet på Berg. Ved Løyland er det tillate å parkere inne på tunet på garden Graver. Dette er gunstigare enn å parkere langs vegen, kor det kan verte vanskeleg for andre bilar å passere.

På startstaden bør du parkere på Berg, då du vil tene nokre ekstra høgdemeter på det. Derifrå får du ein tur med jamn stiging, heilt til du kjem til ryggen ved Hengjebui opp mot Hengjefjell. Her vert terrenget brattare og litt meir krevjande. Etter den siste oppstiginga er du på toppen av Hengjefjell, kor du får ei fantastisk utsikt utover vakre Setesdal. Ønsker du å køyre nøyaktig tusen høgdemeter, går du heilt til topps. Her er terrenget slakt og kan ofte by på litt staking. Er du mest opptatt av nedkøyringa, går du på feller bort til det området kor terrenget vert brattare.

Den beste linja finn du langs bekken Flossi. Hald god avstand frå Rindebakken, sidan det ofte går fleire skred her i løpet av sesongen. Flossi er ei nedkøyring som passar for folk i alle aldersgrupper. Ønsker du ei brattare og meir utfordrande nedkøyring, kan du velje linja langs Skullevassebekken, som ligg lenger nord. Begge turane egnar seg best på god og kald vintersnø. 

WGS84: Start: 59.191713, 7.50246
Topp: 59.206349, 7.430019
Slutt: 59.243963, 7.464266

Høgdeforskjell: 1000 m

Himmelretning: Nordøst

Antall km: 4 km i luftlinje. 

Tidsbruk: 3-4 timer. 

 

LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR

Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen. All ferdsel er på eige ansvar.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad