Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Setesdal Valle

Topptur på ski til Holfjell ved Bjørnevatn

  • Bjørnevasshytta, Valle
  •  /  km From You
Overview

Bjørnevasshytta er eit godt utgangspunkt for fleire toppturar. Dette er ei ubetent DNT-hytte som ligg langs FV45 mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal. Avkøyring til FV45 er ca. 7 km nord for Valle. Etter om lag 15–20 minutt kjem du til Bjørnevasshytta. 

Holfjell, 1294 moh. ligg nordaust for Bjørnevasshytta og byr på variert køyring. Gå frå Bjørnevasshytta og nordover gjennom hyttefeltet, og fortsett til du kjem til renna. Vend så austover og følg renna oppover mot toppen.

Alt1: Holfjell har fleire moglegheiter for nedkøyring. Ein familievariant er renna som ligg mot vest, eit stykke nord for Bjørnevasshytta. Ho er slak og fin, med mindre vinden lagar store skavlar på kantane av renna. Då må du vere forsiktig. Ønsker du brattare nedkøyring, er renna litt lenger sør på vestsida av Holfjell eit godt val. Ho er meir utfordrande og krev gode skiferdigheiter.

WGS84:
Start: 59.347348, 7.537823
Topp: 59.359599, 7.558894

Tidsbruk:1-2 timer

Høyde over havet: 1294 m

Høydeforskjell: 300m 

Himmelretning: Sørvest

Antall km: 2,4 km i luftlinje

Alt2: Endå meir utfordrande er turen langs Sandebekken. Terrenget her er bratt og kan berre køyrast på sikre dagar. Her er det særleg fint på vårsnø. Følg Sandebekken opp og køyr omtrent same løypa ned. Gevinsten er 500 høgdemeter og artig køyring som sluttar med opne parti i bjørkeskogen.

WGS84
Start: 59.347348, 7.537823
Topp: 59.359183, 7.570052

Tidsbruk: 2-3 timar

Høgde over havet: 1294 m

Høgdeforskjell: 500 m. 

Antall km: 3,2 km i luftlinje

Himmelretning: Sør

 

LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR

Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen.
All ferdsel er på eige ansvar.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad