Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Setesdal Valle

Topptur på ski til Strandenuten ved Bjørnevasshytta

  •  /  km From You
Overview

Bjørnevasshytta er ei ubetent DNT-hytte som ligg langs FV45 mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal. Avkøyring til FV45 er ca. 7 km nord for Valle. Etter om lag 15–20 minutt kjem du til Bjørnevasshytta. 

Turen til Strandenuten, som ligg på sørsida av Bjørnevatn, krev kunnskap om at isen er sikker og trygg å ferdast på.

Strandenuten byr på mange fine linjer gjennom glissen bjørkeskog. Her ligg det ofte god og urørt snø.
Toppen er relativt skredsikker, men lenger øst finn du brattare og meir utfordrande linjer. Pass på her, då det i fleire av linjene kan vere skredfarlig terreng og terrengfeller. Men under trygge tilhøve og viss forma di er god, byr Strandenuten på mange moglegheiter. Du kan endåtil rekke fleire turar på éin dag.

Husk å skrive namnet ditt i toppturboka, om du går heilt til topps.

WGS84:
Start: 59.347327, 7.537136
Topp: 59.337786, 7.550526

Tidsbruk: 2-3 timar.  

Høydeforskjell: 300 m. 

Antall km: 1,42 km i luftlinje.

Himmelretning: Nord

 

LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR

Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen.

All ferdsel er på eige ansvar.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad