Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Utsikten Landeskogen - rundtur 2 km

Starten er ved Rv9 på parkering ved Årdal kyrkje.

Følg vegen mot Landeskogen. Landeskogen vart opna rundt 1916 for pasientar med tuberkulose.

I åra etter opninga vart eit nett av turstiar opparbeidd av personar på sysselsetting. Desse turstiane var lette å gå på for pasientane. Tuberkulosesenteret vart lagd ned i 1961, og i 1962 opna det opp att som senter for psykisk utviklingshemma. Den opphavlege "Kjærlighetsstien" gjekk frå Byglandsfjorden opp til Utsikten, men seinare vart alle stiane til kjærleiksstier med dei tallrike beilarane som vitja systerheimen Kåken. Stien er lett å gå, og frå toppen har ein flott utsikt over Byglandsfjorden. På turen ned att kan ein vitje fredssenteret på Landeskogen. Følg vegen ned att til parkeringsplassen, og sjå gjerne runesteinen ved Årdal kyrkje før de køyrer vidare.

Vanskegrad: Enkel, på god opparbeid sti utan særleg stigning.

Last ned kartblad

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Utsikten Landeskogen - rundtur 2 km

Sider du nylig har besøkt