Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Spelsau er tilbake i Setesdal

Den ”gamalnorske sauen”, spelsauen, var i ferd med å døy ut som eigen rase kring 1900. Setesdal var ein av dei få stadane i landet der den reinrasa spelsauen var godt bevart.

Setesdal hadde mest kvite spelsau utan horn og vestlandet hadde meir farga sau med horn. Dei første sauealsgardane vart oppretta i Setesdal, først på Løyland (1909) - sidan flytta til Uppstad (1924) og Røyseland (1957-68). I Rogaland vart det oppretta tilsvarande på Hidle og sidan på Gjesdal. Avlsstasjonen vart statleg ansvar frå 1912.

Det daglege ansvaret for dyra på sauealsgarden hadde gardsfolket, medan statskonsulenten hadde det faglege ansvaret. Sauesjådagen var det å stå opp tidlig og drive sauane til Valle der sjået gjekk føre seg. Ein mann på Uppstad fekk høyre det av kona at han pynta seg for mykje til sjået. Mange gjekk i ”rette klede”. Då svara han: ”Då må ein i alle fall pynte seg, for dette er den største dagen i året!”

Sauesjå

Spelsauen var i ferd med å bli utrydda i Noreg - Rasepreg og avlsarbeid

”...Endeleg må vi nemne at spælsauen vart berga og spreidd med støtte frå det offentlege, men først og fremst gjennom framifrå arbeid av stasjonsvertane. Denne framvoksteren kom trass i at embetsmenn, sjeferi, stamhjordvertar og mange fagfolk hadde gjort det dei kunne for å tyne spælsauen i 150 år. ” Kjelde: Soga om smalen, Dagfinn Drabløs, 1997

I Setesdal vog vaksne søyer av den gamle rasen om lag 41 kg då dei vart teke inn i avlen i 1912. Det vart drive medvete avlsarbeid for å auke vekt, sikre eksteriør og ullkvalitet, samt å ta vare på rasepreget. I dag har ei spelsau-søye gjerne ei levandevekt på ca. 70 kg. Kåringa omfatta vêrlam, vêrar og søyer som skulle gå som livdyr i neste års påsett eller seljast til andre. Døminga omfatta eksteriør, ull og rasepreg. I dag er det berre vêrlam som blir kåra og sauesjå er mest ei triveleg tilskiping. I dag går avlsarbeidet føre seg ved hjelp av avlsindeksar og kartlagde eigenskapar i fleire generasjonar for både vêrar og søyer.

Sauesjå i Valle

Spelsauen - Utvikling av rase gjennom avslarbeid

Bilete viser utdrag frå ætteboka for sau frå 1943. I føreordet mana ein setesdølane til å take vare på spelsauen! Det vart ført ættebøker, og før øyremerka si tid vart det nytta tøysløyfer med ulike fargar for å halde greie på slektskapen. Statskonsulent Sæland hamra laus mot Landbrukshøgskulen og styresmaktene som ”skuvar fram flesket”.

Han meinte at sidan Noreg har så mykje beite i utmark som vi kan nytte oss av, er det feil politikk å satse på svineproduksjon som brukar ”matmjøl”. Ein diskusjon som er like aktuell i dag? Sauer vart nok valde etter om lag same kriteria som no, men det var meir fokus på lang og glansfull ull. Det var også viktig at dei hadde skikkeleg rasepreg. Rasepreget til spelsau er spelen (kort hale), kronelokk eller ”pannelugg”, små øyrer og ei ull der botnull og dekkull er tydeleg. Rasen er kjent for å ha lite lammingsvanskar – og for gode moreigenskapar

Spelsau i Setesdal

Mat av Spelsau

Spelsauen har det meste av feittet rundt innvolane, og kjøtet er derfor litt magrare enn anna sauekjøt. Alt då avlsgardane vart etablert vart det kryssa inn vêrar frå Færøyane og Island for å auke kjøtfylde og storleik på dyra. Det er gjort innkryssing av islandsk sau for å betre kjøtfylden i seinare tid. Dette har slått ut i betre klassifisering. Innslag frå Kvinesdal Spelvêrring sitt avlsarbeid er no spreidd til store delar av landet.

Sauekjøt har ein særleg plass i tradisjonskosten her. Slaktetida var om hausten. Frå gamalt vart mykje kjøt salta og røykt. Før var det og vanleg å nytte heile dyret, innmat, hovud og føter. Så lenge ein dreiv med heimeslakting var det og vanleg å lage kurv. I dag er det nokre få bønder som og driv lokal foredling av sauekjøt for sal. Steikt sidebein av lam på glør ˆ glosteik, kjøt i kvit saus, pinnekjøt og Setesdalssuppe er lokale rettar som har klangbotn for folk som er opptekne av sunn og kortreist mat og smakar av Setesdal.

Setesdalssuppa

Your Recently Viewed Pages