Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Masfjorden

TripAdvisor rating of 4

5

Bjørn West Museet – Museum Vest

På Bjørn West Museet i Matre utenfor Bergen kjem du tett på historia om den dramatiske motstandskampen i Matrefjella.

Historia om dei kvite englane

Bjørn West Museet har namnet sitt etter den norske geriljabasen som heldt til i Matrefjella dei siste seks månadene av 2. verdskrigen. Museet fortel historia om dei 259 soldatane –òg kalla «dei kvite englane» –som på kort tid bygde opp ein slagkraftig militærbase like bak dei tyskestyrkane.

Etableringa av basen var eit farleg vågespel. I luftlinje låg han berre 50-60 km frå Bergen. Tyskarane måtte haldast uvitande så lenge som mogeleg, og heller ikkje sivile norske måtte vita om basen. Utan aktiv støtte og hjelp frå sjølvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt området og utanfor, ville det ikkje vore mogleg for Bjørn West-organisasjonen å etablere seg her.

Unike gjenstandar og bilete
Motstandskampen i Matrefjella er ein viktig del av Noreg si krigshistorie. På museet finn du ei større samling av våpen, utstyr og personlege effektar som høyrde til Bjørn West-soldatane og lokale kontaktpersonar i bygdene kring basen. Gjennom bilete, tekst og film får du innsikt i dei tøffe forholda soldatane levde under. Dei måtte tåla både brutale snøstormar, bitande kulde og matmangel. Utfordringane dei møtte saman, styrkte kampmoralen og kameratskapet.

Guida omvisingar
-Bli med på guida tur med bussen frå Matre til Stordalen Fjellstove, og lær meir om Bjørn West-historia.

Historisk bilvandring
-Kombiner besøket med ei historisk bilvandringtil Stordalen Fjellstove der Bjørn West haddesitt hovudkvarter. Her står ein bauta over dei seks falne Bjørn West-soldatane og eigaren avfjellstova, Torgeir Stordalen.

Sjå filmen om Bjørn West
-Vår 15 minutt lange film viser autentiske bilete,tidsvitne sine forteljingar og gir ein skildringav kvardagslivet for Bjørn West-soldatane.

Vakker natur og turmoglegheiter
-Masfjorden er eit eldorado for turar og friluftsliv–frå skjergarden i ytre Masfjorden til ville fjellog dalar aust for Matre. På museet kan du kjøpaturkart med lokal informasjon. Opplev storslagen natur i Bjørn West-soldatane sine fotspor!

Butikk
-I den vetle museumsbutikken finn du bøker, suvenirar og forfriskingar.


Last updated: 01/05/2024

Source: Visit Bergen

Bjørn West Museet – Museum Vest

Sider du nylig har besøkt