Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
Ad
Fjord Norway Bergen Øygarden

Kystmuseet i Øygarden - Museum Vest

  • Ovågen, Øygarden
  • 53 00 61 40
  •  /  km From You
Overview
Details

Her kan du følgja livet til kystmenneska i Øygarden frå istida og fram til i dag. Utstilling «Hav og vind - jord og eld» om energibruk og ressursutnytting.

Opplev nydeleg kystnatur og spennande utstillingar i eit autentisk sjøbruksmiljø. Få eit innblikk i fiskeri- og havbruksnæringa, olje og gasseventyret.

Få stader er tidslina så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Her, midt i det moderne oljeeventyret, kan du sjå korleis menneska i Øygarden har levd og overlevd ved å bruka naturen og naturressursane rundt seg.

Gjennom utstillingar, filmvising, guida utflukter og sykkelturar får du ta aktivt del i historia til kystfolket. Kampen for tilværet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har prega sivilisasjonen og kystkulturen gjennom uminnelege tider. Det særeige sjøbruksmiljøet som museet er omgitt av, viser tider før vegar og bruer kom, tider med robåt, segl og motor, og tider med landnot. Det viser kvalfangst og sildefiske, heime og under fjerne himmelstrok, tider med sveltihel og tider med olje- og gass, ørret og laks.

Ein tur til Kystmuseet i Øygarden er spanande å kombinera med visningstur til olje- og gassanlegga på Kollsnes og visningssenteret for laks og aure i Ovågen.

Museet har auditorium, konferanserom, uteamfi og eigen museumskafé. Dette gjer Kystmuseet til ein opplevingsrik arrangementstad for konferansar, seminar, møte, konsertar osv.

Åpen etter avtaler heile året.

Pris for Øygarden visningssenter: 100/75 (voksen/barn)
Pris for Kystmuseet i Øygarden + Øygarden visningssenter: 140/75 (voksen/barn)
 


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag

Generelt

Rabatt
  • Bergenskortet
Inngangspris
NOK 60,- p.p. vaksen (Born gratis)

Opening hours

2. mai 2018 – 31. aug 2018
man tirs ons tors fre 11:00–16:00
søn 12:00–17:00
15. jun 2018 – 15. aug 2018
lør 11:00–16:00
1. sep 2018 – 31. okt 2018
søn 12:00–17:00
See All

Price

Description Price*
Barn (0-16 år) Fri entré
* Price from
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad