Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
Ad
Fjord Norway Hardanger Ulvik

Øydvin Gardsturisme

  • Øydve, Ulvik
  •  /  km From You
Overview

Garden ligg omlag 4 km frå Ulvik sentrum, i retning Osa.
På garden har me frukt, grønnsaker, kviger og sauer,
og me er både to opptekne av å føra kultur og tradisjonar
vidare til komande generasjonar, gjennom formidling på
ulike måtar.

Vi har to hytter til leige: Sjohageløo og Bortom.

Sjohageløo:
Ligg ved Osafjorden, omlag 4 km frå sentrum av Ulvik.
Hytta har 3 soverom med to senger i kvart rom, bad med dusj/wc, vaskemaskin og turketrommel. Stove med eigen spisekrok og kjøkkenavdeling med elektrisk komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin.I gangen er det ein fryseboks der de kan frysa ned fiskefangsten, og ved naustet nedanfor hytta finn de ein 14 fots båt med 15 HK påhengsmotor.

Bortom:
Gamal tømra stove på andre sida av Osafjorden med enkel standard. Hytta har eit rom,ikkje inlagt vatn og staum, men ved omn,gasskomfyr og gassdreve kjøleskap. Toalett i bygningen ved sidan av. Passar for 2 personar.¨Båt med phengsmotor fylgjer med i leiga. Glimrande stad for den eller dei som vil bort fra kvardagens kav og mas.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad