Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Øydvinstod Hyttegrend

Book

Øydvinstod Hyttegrend består av eit feriehus og tre fjordnaust i moderne standard med direkte tilgang til strandlinje og badevik. Grenda ligg sentralt til med god tilgang til Ulvik sentrum, men avsides nok til å finne ro og mak i naturen. Feriehuset har 4 soveplassar og nausta har 6. Det er òg høve for å nytte seg av badstu og leige av båt.

Øydvinstod Hyttegrend ligg idyllisk og usjenert til i det uberørte landskapet ved Osafjorden, 4 km frå Ulvik sentrum. Hyttegrenda består av fire fully utstyrte feriehus; «Butikken» og 3 «Fjordhytter».  Øydvinstod Hyttegrend har eiga strandlinje med badevik, brygge og båtplass med overbygget sitteplass. Her er også badstubygning med sauna, 2 dusjar og avslappingsrom. Båt kan leigast; 13- eller 15 fot Pioner med 19 hk motor eller Quicksilver 17 fot med 60 hk. Hyttegrenda ligg sentralt i Ulvik med gode tilhøve for tur og fiske, men avsides nok til å nyte freden og roa av fjorden. 


Butikken: Feriehuset "Butikken" var bygd i 1880 og fungerte som ein handelsstad med butikk, post og telegraf. Sidan den tid har huset vorte restaurert, og står no fullt utstyrt med ei idyllisk utsikt over Osafjorden. I andre etasje er det to soverom - eit med ei dobbelseng, og eit med to enkeltsenger. Fyrste etasje har ei open kjøkken-stoveløysing med alt du kan trenge for eit behageleg opphald. I stova finn du mellom anna vedomn, fjernsyn, spisebord og skrivebord. Badet er utstyrt med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel. 


Naustene: Dei tre nausta ligg ved fjordkanten og vart bygde i 1997. I 2009 vart dei renoverte til moderne standard. Eit naust har tre soverom med soveplassar til seks personar, og er utstyrt med mellom anna vedomn, fjernsyn, oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel. Her kan du ta morgonkaffien på terassen og nyt utsikta over høge fjell og den rolege Osafjorden. 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Øydvinstod Hyttegrend

Book

Sider du nylig har besøkt