Nå

Agatunet

  • Kafe i gamalt hus
  • Dronefoto av Agatunet med historiske trehus tett samla, omgitt av grønt landskap og frukthager.
  • Oversiktsbilde over ein fjord i Hardanger med grøne åssider, små bygder og frukthager langs vannkanten.
  • Ein liten hageplass i Agatunet med kvitmåla benk, eit lite bord med blomar og ein stol, omgjeve av blå hortensia framfor eit gamalt tømmerhus.
  • eldre hus i klyngetun
  • Agatunet sett ovanfrå
  • klestørk heng ute ved dei gamle bygningane
  • eldre trehusbebyggelse
  • idyllisk mellom den gamle trehusbebyggelsen
  • eldre hus som står litt aleine. Vinduet er opent.
  • det er trangt mellom nokre av husa omkransa av trær
  • eit kvitt og eitt oransje hus med benk utanfor
  • Ei lita sittegruppe i den frodige hagen
  • Tre ungar kledd i middelalderkostymer leikar i hagen
  • Ein unge med middelalderhjelm og tresverd har stilt seg opp for bilete.
  • Eit rom med middelalderkostymer og sitteplassar
  • ein større bygning i Agatunet
  • To flotte, blå dører med smijern
  • Den eine blå døra er open og me ser inn i eit rom med ei trapp.
  • Kaffikos i hagen til Agatunet
  • Ei dame kjevler krotakaker
  • Krotakakene bakast i open ovn
  • Bakverk i kafeen på Agatunet
  • Eit utsnitt av kjøkkenet på Agatunet
  • Daglegstove på Agatunet
  • Eit vindu med potteblomar og blondegardiner
  • Ei utstillingsdukke
  • Ei eldre treseng på eit soverom
  • Eit nærbilde av blomar i eit vindu med blondegardiner
  • Eit dekka bord ved eit vindu med blomar og kvite blondegardiner
  • Eit kjøkken på Agatunet med ulike redskap
  • Nærbilde av nokon som former krotakaker
  • To damer som bakar
  • Ein bygning i tunet kledd i snø og julelys
  • Eit pynta juletre og ei gamaldags barnevogn
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 47 47 99 02

  • Aga

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Agatunet er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Ved Agatunet kan du vera med på guida omvising og sjå kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Agatunet er ein del av Hardanger og Voss museum.

Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun og den største freda bondelandsbyen i Noreg. Her ligg 45 freda hus, dei eldste frå mellomalderen, tett saman som i ein idyllisk landsby. Det er også 10 naust med vernestatus som høyrer til Agatunet.



Opplev den unike Lagmannsstova som er den eldste rettssalen i Noreg og den einaste lafta trehallen som framleis står på plassen den opphaveleg vart bygd. Lagmannsstova vart oppført av riddaren, riksråd og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson Aga kring 1220.



Film, kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Riddarleikerom for barn. Hyggeleg kafé og museumsbutikk. Utanom sommarsesongen er tunet ope ved arrangement eller etter avtale. Ope for grupper heile året.



Baking og sal av krotakaker kvar fredag i sommarferien.

Kultursti frå parkeringsplassen ved Agatunet til den gamle vikingtidhamna.



Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit felles sommarpass. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.


  • Sommer
  • Guidede turer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS