Herand

Bakketun Overnatting

Bestill
  • Eit kvitt eldre trehus
  • Utsnitt av kjøkken og stove med peis
  • Sofa med blomar og lys på bordet
  • Eit kvitt stort kjøkken med blomar i framgrunnen
  • Ei stor dobbeltseng med vindu bak
  • Ei køyeseng og sofa på eit soverom
  • Ein utandørs kvitmalt benk ved eit steinbord med blom på
  • Utsikt over bygda Herand
  • Dobbeltseng på eit lyst soverom
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • 53 66 85 44

  • Herand

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Bakketun Overnatting i Herand tilbyr fire einingar med utsikt over Hardangerfjorden: eit restaurert gardshus frå 1865 og tre leilegheiter i ulike storleikar. Perfekt for både avslapping og aktivitetar med båt- og kajakkutleige tilgjengeleg.

Bakketun overnatting ligg i bygda Herand og har flott utsikt over Hardangerfjorden. Her er fire utleigeeiningar, eit feriehus og tre leilegheiter. Feriehuset er eit restaurert gardshus frå 1865 med tre soverom og 8-10 sengeplassar. Dette er eit hus med sjel der mange av dei gamle detaljane er bevart- på kjøkken er det t.d. open grue. Leilegheitene er i tre storleikar. "Floren" er den største med 75 m², to soverom og til saman 5-7 sengeplassar. Leilegheita har også eigen terrasse med utsikt. "Hagen" er på 53 m² og har to soverom med til saman 5-6 sengeplassar. Kjøkkenet og badet er nyoppussa, og frå leilegheita er det fin utsikt og utgang til hage. "Mjølkerommet" er den minste med 28 m². Her er stove og soverom i eit og til saman 2-4 sengeplassar. I leilegheita er det kjøkkenkrok med eteplass. Gjestar kan leige båt med eller utan motor og to kajakkar med alt utstyr. Bakketun overnatting ligg nært turterreng med fleire oppmerkte turstiar.


  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS