Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang
TripAdvisor rating of 4.5

3

Bakketun Overnatting

Bestill
DSC_0144
DSC_0454
DSC_0327
DSC_0301
DSC_0864
DSC_0061
DSC_0231
DSC_0227
DSC_0490

Bakketun Overnatting i Herand tilbyr fire einingar med utsikt over Hardangerfjorden: eit restaurert gardshus frå 1865 og tre leilegheiter i ulike storleikar. Perfekt for både avslapping og aktivitetar med båt- og kajakkutleige tilgjengeleg.

Bakketun overnatting ligg i bygda Herand og har flott utsikt over Hardangerfjorden. Her er fire utleigeeiningar, eit feriehus og tre leilegheiter. Feriehuset er eit restaurert gardshus frå 1865 med tre soverom og 8-10 sengeplassar. Dette er eit hus med sjel der mange av dei gamle detaljane er bevart- på kjøkken er det t.d. open grue. Leilegheitene er  i tre storleikar. "Floren" er den største med 75 m², to soverom og til saman 5-7 sengeplassar. Leilegheita har også eigen terrasse med utsikt.  "Hagen" er på 53 m² og har to soverom med til saman 5-6 sengeplassar. Kjøkkenet og badet er nyoppussa, og frå leilegheita er det fin utsikt og utgang til hage. "Mjølkerommet" er den minste med 28 m². Her er stove og soverom i eit og til saman 2-4 sengeplassar. I leilegheita er det kjøkkenkrok med eteplass. Gjestar kan leige båt med eller utan motor og to kajakkar med alt utstyr. Bakketun overnatting ligg nært turterreng med fleire oppmerkte turstiar.

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Bakketun Overnatting

Bestill

Sider du nylig har besøkt