Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang

Blåistur Blue Ice Hike - Folgefonni Breførarlag

Bestill
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-04078
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-03568
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-04235
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-03801
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-04625
WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021-04109
tur 29 HOVED Folgefonni Breforarlag 107 Photo De´sire´ Weststrate

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.

Folgefonni Breførarlag tar deg med på blåistur til Juklavassbreen. Denne armen av Folgefonna består av både flat is og meir utfordrande områder med bresprekker. Turen vert tilpassa ønska og ferdigheitene til deltakarane. Frå juni til oktober er blåisturen eit dagleg tilbod. Turen startar frå Fonna sommarskisenter, 19 km frå landsbyen Jondal ved Hardangerfjorden. Breføringa varer 5-6 t, og undervegs er det lunsjpause med panoramautsikt over brelandskapet, Nordsjøen og Rosendalsalpane. Breføraren formidlar kunnskap om kulturhistorie, klima og glasiologi. På ettermiddagen vender du tilbake mot skisenteret, då med utsikt over det vakre fjordlandskapet.

Nedre aldersgrense er 10 år. Ta med varme vind- og vasstette kle, hanskar og fjellsko. Solbriller og solkrem er nødvendig. Ta og med mat og drikke, og ein tursekk med litt ekstra plass til breutstyr. Inkludert i prisen er leige av stegjern, isøks, sele, hjelm, tau og fjellsko.

Om du ikkje har turutstyr kan du leige hos Folgefonni Breførarlag. Dei har utleige og sal av vind og vasstette kle, og sal av hanskar. Du kan bestille ferdig lunsjpakke til turen, send då ein e-post i god tid.

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Blåistur Blue Ice Hike - Folgefonni Breførarlag

Bestill

Sider du nylig har besøkt