Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
Ad
Fjord Norway Eidfjord

DYRANUT - BJOREIDALEN - TRONDSBU - TINNHØLVEGEN - DYRANUT (KOMBINERT FOTTUR OG MINIBUSS)

  •  /  km From You
Overview

Dette er ein flott familietur i lett terreng, spesielt for dei som er interessert i å sjå på fuglar, eller å fiske. Gjennom fuglereservatet må du halde deg til merka sti. Det er ulovleg å gå utanom stien. Bjoreio er veleigna til stangfiske, men hugs fiskekort!

Du parkerer bilen ved Dyranut, på toppen av "Norges tak" Hardangervidda. Følg merka sti ned til vestenden av Vetle Skiftessjøen og så ned i Bjoreidalen til heilårsbrua ved Nybu, ca 1 time.

Herifrå langs Stora Nordmannsslepa på nordsida av Svinto opp
til vegen og den nedlagde hytta Bjoreidalshytta, ca 0,5 time. Herifrå kan du gå langs stien og Tinnhølvegen ca 2 timar til Trondsbu Turisthytta som serverer mat, sjekk opningstidene.

Ta Viddabussen (minibuss) frå Trondsbu/Tinnhølen tilbake til Dyranut.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad