Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang

Edel Sider, Åkre Gard

July 06, 2018-DJI_0015-HDR
Edel Sider Yrjan Olsnes 2021
Edel Sider Yrjan Olsnes 2021 (4)
Edel Sider Yrjan Olsnes 2021 (1)
Edel Sider Yrjan Olsnes 2021 (2)
Åkre Gard
1240x711_July 07, 2018-IMG_6473
Edel Sider Yrjan Olsnes 2021 (3)

Åkre Gard i Hardanger har produsert frukt i åtte generasjonar, no med fokus på eplemost, brennevin og prisvinnande sider under merkevara Edel Sider.

På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon av gode, tradisjonsrike Hardanger-eple. Her har dei dyrka frukt i heile åtte generasjonar, men dei siste åra har dei fokusert på produksjon av eplemost, brennevin og sider frå Hardanger under merkevara Edel Sider.

Sideren til Arita og Gjermund kan visa til ei rekke prisar, både nasjonalt og internasjonalt, og det er ikkje utan grunn. Paret har tatt den tradisjonelle sideren frå Hardanger eit skritt vidare ved bruk av champagne- og charmant-metoden. Dei edle dråpane er å få kjøpt i utsalet på garden, Vinmonopolet og restaurantar. Frå og med mai, kan du reisa frå sidergard til sidergard og smaka på det beste fjorden har å tilby. Sjå heimesida deira for meir informasjon og booking

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Edel Sider, Åkre Gard

Sider du nylig har besøkt