Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Eidfjord

Eidfjord Nye Kyrkje

DSC_0022-Pano-web
DSC_0018 web
Nye Kyrkja

31. mai 1981 vart den nye kyrkja i Eidfjord vigsla. Det er arkitekt Sigurd Sekse som har teikna kyrkja. Byggmeister er Johannes Røynstrand.

Det er ei moderne arbeidskyrkje som har mange fleire funksjonar enn den gamle.

Det er kyrkjelydssal, peisestove, kontor og andre rom i kyrkja. Altertavla er laga av den lokale kunstnaren Dagfinn Instanes. Han har og laga teppet over døypefonten. På altertavla er det mange kristne symbol. I sentrum står krossen som symbol for Jesus død, og til høgre har vi oppstoda, til venstre Jesu dåp som innviing for hans frelsargjerning. Orgelet er bygd av den svenske orgelbyggjaren Nils Hammarberg og har 16 stemmer.

Døypefonten er hoggen i ljos Eidfjord-granit av Reidar Molander. Brurestolar og fire andre gyldenlerstolar er også utført av lokal kunstnar, Gunvall Bu.

Tårnet står ved sida av kyrkja og har to klokker med automatisk ringing. På ei av klokkene finn ein sitat frå Johannes 14,6: "Eg er vegen, sanninga og livet". Folk i Eidfjord har lagt vinn på å få den nye kyrkja fin både inne og ute. Den trauste steinmuren laga i gamal stil gjev ei verdig råme om heile verket.


Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Eidfjord Nye Kyrkje

Sider du nylig har besøkt