Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang

Einseten

Einseten - utsikt
Ringedalsvatnet
Einseten - varden
Einseten fra Skjeggedal

6-7 timar tur-retur. Frå Odda sentrum tek ein riksveg 13 mot Kinsarvik. I Tyssedal tek ein fyrste veg opp mot høgre til Skjeggedal. Det er 7 km frå hovedvegen til Skjeggedal og det tek ca 15 minutt å køyre grunna smal og bratt veg.

Køyr til Ringedalsdammen, og start turen ved parkeringsplassen på andre sida av dammen ved Åsen transformatorstasjon. Ca. 500 m.o.h. frå parkeringsplassen fyl du vidare ein gamal sti forbi hyttene i Åsen. Øverst oppe i Åsen, etter at Eplehaugen og Nonshaugene er passert, kan ein sjå innover Ringedalsvatnet mot Tyssestrengene, Trolltunga, Preikestolen og Teinanuten på den andre sida av vatnet. Mosdalstjørn ligg 993 m.o.h. Frå Mosdalsbu er det ca 2 timar ein veg til Einseten.

Merk: Parkering for Trolltunga nyttast på travle dagar til Trolltunga.

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Einseten

Sider du nylig har besøkt