Tyssedal

Estangard - Unik overnatting i fjellveggen

Bestill
  • To personar sit på ein portaledge ved fjorden i Hardanger, med majestetiske fjell i bakgrunnen. Ein unik overnattingoppleving i fjellveggen.
  • Eit par nyt kaffi og kjeks i solskinet medan dei heng på ein portaledge i fjellveggen over Hardangerfjorden. Uforgløymeleg oppleving i naturen.
  • Ei gruppe venner kosar seg rundt eit bål på fjellet med utsikt over snødekte toppar i Hardanger. Sosialt samvær i spektakulære omgjevnader.
  • Ei kvinne smilar og stikk hovudet ut frå ein portaledge, med fjorden langt under ho i Hardanger. Eit eventyrleg overnattingsalternativ.
  • Ei kvinne smiler frå ein portaledge med spektakulær utsikt over fjorden og fjella i Hardanger. Eit adrenalinfylt overnattingseventyr.
  • Fleire turgåarar slappar av på portaledges ved fjellsida, med utsikt over fjordlandskapet i Hardanger. Ei unik naturoppleving.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +4798089126

  • Skjeggedalsvegen 66

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Har du nokon gong campa i lause lufta, fleire hundre meter over bakken? Det kan du no gjere på cliff-camping saman med Estangard!

Estangard byr på klippetelt-camping og ei rekkje storslagne opplevingar i hjartet av Hardangerfjorden, like i nærleiken av Trolltunga!



Klippetelt-camping gir deg moglegheita til å tilbringe natta i eit portaledge-telt som heng på ei klippe 400 meter over Hardangerfjorden, med utsikt over Sørfjorden, Folgefonna isbre og massive fjelltoppar. Telta er utvikla av profesjonelle klatrarar som benytta dei under fleirdagers klatring. På klippe-camping med Estangard har du med deg eigen guide og det kreves derfor ingen tidlegare klatreerfaring. Turen til overnattingsstaden går langs ein vakker sti oppover fjellsida i Hardanger og tar rundt 1 time. Ved leirstaden viser guiden deg rundt på området, kor du deretter får tida til å nyte den. vakre naturen. Middag blir tilbredt ved leirstaden og servert rundt bålet - om vêret tillét det. Guidane deler gledelig spanande historiar rundt bålet utover kvelden, før du ved leggetid klatrar ned i teltet som heng på klippesida, 400 meter over Sørfjorden i Hardangerfjorden. Neste morgon får du servert frukost før ein pakkar saman og returnerer til sivilisasjonen.



Estangard tilbur også opplevingar som tre-telting, klippe-piknik, skogbading og hengekøyetur.



Målet til Estangard er ikkje berre å skape uforgløymelege minner for deg, men også gje deg nye perspektiv og ei betre forståing av naturen. Saman med Estangard skal du få kople frå den travle, moderne verda og gjenopprette kontakten med naturen og deg sjølv. Som born lev me i augneblinken og er ikkje redde for konsekvensene av handlingane våre, og Estangard har som mål å ta deg tilbake til leiken, forlate komfortsona, utfordre frykta og overkomme dei grensene du har skapt i hovudet ditt.




  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS