Folgefonnsenteret














Miljøsertifiserte reiseaktører
Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

miljofyrtarn.no
Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.
Senteret opna i 2017, og i utstillinga med 18 interaktive stasjonar lærer du m.a. om Folgefonna nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden, vatnet sin syklus og klimaendringar. I auditoriet på senteret kan du sjå fire spennande filmar med tema vatn, geologi, livet på jorda og hjort.
Skalurensamlinga er eit lite båtbyggjarmuseum i same bygning som Folgefonnsenteret. Billetten til Folgefonnsenteret inkluderer også inngang i dette museet.
Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har eit samarbeid om eit sommarpass. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet i sommarsesongen, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.
- Hele året
- Høst
- Vår
- Sommer
- Vinter
Kilde: Destination Hardanger Fjord AS
Folgefonnsenteret