Ulvik

Fotturar i Ulvik

  • utsikt over dal med to ryggsekker
  • to personer ved utsiktspunkt
  • mann i hengekøye med utsikt
  • Utsikt mot fjell
  • bilde av turskilt
  • to personer på tur i regn
  • mann med utsikt over fjord
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 400 07 199

Ulvik har eit omfattande nett av turstiar i både fjell- og skogsterreng, og spenner frå rusleturar til krevjande vandringar i høgfjellet. Her vil vi gje nokre tips til planlegginga, men vi må oppmode om å bruke andre kjelder til informasjon i tillegg. Til dømes finn ein mykje nyttig informasjon på UT.no. Turistkontoret i Ulvik har og mykje informasjon om turar ein kan gå i og rundt Ulvik. Kom gjerne innom for ein tur-prat når du kjem!

Oppdag Ulvik til fots – Frå frukthagar til fjellturar



Ulvik er eit flott utgangspunkt for turar til fots. Her finn du alt frå enkle rusleturar gjennom frukthagar til krevjande dagsturar i høgfjellet – alt på merka stiar.



Ein lett og populær tur er Liavegen og Jobykset – denne ruta startar og endar i sentrum av Ulvik. Undervegs går du forbi frukthagar og gardsutsal som tilbyr sider, juice og lokale produkt frå bygda. Her får du flott utsikt og ein smak av Ulvik, heilt utan bil.



For deg som ønskjer meir utfordrande turar, har vi fleire merka fjellruter i området:




  • Midtfjell

    Klassisk fjelltur med flott utsikt. Start frå parkering ved Sjusete (Vambheimsvegen). NB: Bomveg som kan vere stengd grunna ver- eller skogsarbeid.


  • Kristinuten rundt

    Rundtur: Tunheim – Kristinuten – Jonstøl.

    Parkering ved barnehagen eller båthamna aust for Strand Hotel (avgrensa kapasitet i Apalvegen/Siderruta).


  • Hallingskeidvegen

    Historisk vandrerute frå Hallingskeid stasjon på Bergensbanen. Lang dagstur gjennom vilt fjellandskap. Endar i nærleiken av Ulvik – det er behov for transport frå enden av stien til sentrum. Det er telefondekning i siste del av Norddalen.

    Sjå ruta på UT.no


  • Mjølfjell – Ulvik

    Lang fjelltur frå Mjølfjell stasjon på Bergensbanen. Går gjennom fjell, skog og dalar, og endar ovanfor Ulvik – transport til sentrum er nødvendig så hugs å planlegge dette. Det er telefondknong når du kjem ut av Tyssedalen.

    Sjå ruta på UT.no




️Planlegg turen din på UT.no – Noregs nasjonale turportal med kart, ruteinfo og GPX-spor.



Stikk gjerne innom Ulvik Turistkontor for kart og gode tips. Me hjelper deg gjerne med å finne turen som passar best for deg.



Merk: Det finst mange fleire turar i Ulvik enn det me kan nemne her. Sjå fleire turtips og utsiktspunkt i artikkelen vår:

5 fantastiske utsiktspunkt i Ulvik




  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS