Ulvik

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Bestill
  • Tre personar går gjennom blomstrande frukthagar langs Frukt- og siderruta i Ulvik med utsikt over fjorden.
  • Tre personar går gjennom ein blomstrande frukthage i Ulvik.
  • To medarbeidarar pratar og ler saman i gardsutsalet til Syse Gard, omgitt av lokale produkt og handlaga syltetøy.
  • Skilt til gardsutsalet hos Ulvik Frukt & Cideri, med vandrarar på veg inn i frukthagen.
  • Mann plukkar eple i ein frukthage, medan ein annan tar imot epla i Ulvik.
  • Panoramautsikt over blomstrande frukthagar og fjordlandskapet i Ulvik.
  • Gruppe sit ute ved Gardsutsalet i Ulvik på ein solrik dag.
  • Gruppe med besøkande får ei omsyning i siderproduksjon hos ein lokal produsent i Ulvik.
  • Fat med sider på lager i eit moderne produksjonsanlegg i Ulvik.
  • Timeplan for Frukt- og Siderruta i Ulvik, viser besøksgardar og tider.
  • Gruppe besøkande på omvising hos ein lokal produsent på Frukt- og Siderruta i Ulvik.
  • Epleplukkar i Ulvik plukkar modne eple frå eit tre.
  • Ansatt på eit sideri i Ulvik viser fram ferdig sider på flaske.
  • Besøk nettsiden

  • +47 911 02 215

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Frukt- og siderruta, den einaste av sitt slag i Noreg, er eit samarbeid mellom Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Samarbeidet arrangerer årleg siderslepp og minisiderslepp i mai og fruktslepp i oktober. Det er gangavstand mellom gardane frå sentrum, og alle legg vekt på å gje ulike opplevingar. Alle gardane har salsløyve for sider og utsal av ei rekke gardsprodukt.



Gardane tek i mot grupper etter avtale for omvising og smaksprøvar, min. 10 stk el. minstepris. Ta direkte kontakt med kvar enkelt gard for bestilling. Einskildturistar kan bestille omvising via Siderruta.no.



Opplevinga består av gardsbesøk med moglegheit for å handle i butikken 6 dagar i veka. Søndag stengd.



Siderfjøl/Siderplanke 6 dagar i veka. Alle gardane har sin siderplanke som kan kjøpast på garden. Det vert og råd å booke i skulderseong mellom

11-16 slik som omvising med smaking på siderruta.no



Sesong/opningstider:



Påske til jul: Alle gardane har ope 6 dagar i veka.

Jul-påske: Hardanger Saft og Siderfabrikk ope 9-16 . Ulvik frukt & cideri har ope . Syse Gard ta kontakt på dagtid.

Heile året er det mogleg for grupper å bestille omvising med smaking.

Vi har stengt helgedagar, og held oss sjølvsagt til sal- og skjenkeløyve i samband med høgtidsdagar.


  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS