Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Kvam

Fyksesund RIB Fjordsafari - Hardangerfjord Adventure

Bestill
©Hardangerfjord Adventure_72
©Hardangerfjord Adventure_93
©Hardangerfjord Adventure_58
©Hardangerfjord Adventure_53
©Hardangerfjord Adventure_68
©Hardangerfjord Adventure_81
©Hardangerfjord Adventure_96
©Hardangerfjord Adventure_106
©Hardangerfjord Adventure_97
©Hardangerfjord Adventure_50
©Hardangerfjord Adventure_79
©Helle Frogner_05
©Helle Frogner_02
©Hardangerfjord Adventure_112
©Hardangerfjord Adventure_129
©Helle Frogner_06
©Hardangerfjord Adventure_101

Opplev mystikken i Fyksesund – Hardangerfjorden si mest sjarmerande og bortgøymde fjordarm.

Turen startar i Øystese og går fyrst ut på hovudfjorden før me svingar inn i Fyksesund – ei perle med bratte fjellsider som rammar inn fjorden på spektakulært vis. Denne fjordarmen har ikkje vegforbinding, og her finn du ei heilt spesiell ro og magi.

Undervegs vil deria erfarne guidar stoppe på fleire stader for å la deg ta inn det imponerande fjordlandskapet. Du vil også få høyre spennande historier om fjorden, menneska som ein gong budde her, og korleis naturen har forma livet i området. I enden av Fyksesund ligg grenda Botnen – ein stad så isolert at ein berre kan nå han med båt.

Fyksesund er også kjent for sine mange fossefall, og båten tek deg tett på desse naturens krefter, der du kan kjenne fossesprøyten på nært hald. Denne RIB-safarien er ei oppleving som kombinerer natur, kultur og spenning på ein måte som gjer turen perfekt for både familiar og vennegjengar.


Sesong: Mai-September

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Fyksesund RIB Fjordsafari - Hardangerfjord Adventure

Bestill

Sider du nylig har besøkt