Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Book

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Du kan oppleve Trolltunga ved solnedgang og soloppgang, dette er tidspunkt då få andre turgåarar er ved det kjende turmålet. Den guida turen inkluderer overnatting på ein fin leirplass nær Trolltunga, 1200 moh. Alt utstyr og mat er inkludert, du treng berre ta med varme kle, ryggsekk og tursnacks.

Turen går over to dagar, kostar 3950 kr og inkluderer: 


Turen startar i Skjeggedal kl. 11.30, og du går langs den klassiske stien til Trolltunga. Undervegs er det lunsjstopp, med fantastisk utsikt over Ringedalsvantet. Trolltunga Adventures serverer god tradisjonell niste. Varigheita på turen kjem an på tempoet, men du kjem til Trolltunga ca. kl. 17.00.

Framme ved målet er det god tid til å slappe av og nyte utsikta. Trolltunga Adventures ordnar god middag. Etterpå er det avslappande leirliv ved bålet, med noko varmt å drikke i koppen. Du får og moglegheit til å bli med til ein hemmeleg badeplass. Om vêret er passande er det forfriskande med eit kaldt kveldsbad før du kryp i soveposen.

Neste morgon blir du vekt opp tidleg til ferdig frukost som kan nytast i det stemningsfulle morgonlyset. Deretter går turen til Trolltunga, og så vidare tilbake til startpunktet. Tida det tar tilbake er avhengig av vêret og tempoet, men vanlegvis er turen ferdig mellom kl. 13.00-15.00.

Denne turen passar for personar med fjellerfaring, men med overnattinga er den noko meir overkommeleg enn dagsturen til Trolltunga.  Maks. deltakarar er 12 personar.

Det er lett å reise med offentleg transport til Odda både frå Bergen, Oslo, Stavanger og Haugesund.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Book

Sider du nylig har besøkt