













Hardangerbrua, som bind saman sørsida (ved Bu) og nordsida (ved Vallavik) av Hardangerfjorden, er den lengste hengebrua i Noreg. Du kan kryssa brua gåande eller syklande, på eigen gang- og sykkelveg.
Ved Bu er det parkeringsplass og eit fint utsiktspunkt.
Hardangerbrua er 1380 meter lang og er den lengste hengebrua i Noreg. På Bu (sørsida av brua) er det parkering, rasteplass, wc og utsiktspunkt til Hardangerbrua. I Vallavik (nordsida av brua) er det også parkering og utsiktspunkt til brua.
Du kan gå eller sykle ein lett tur over brua og nyte fantastisk utsikt til fjordlandskapet og sjølve brukonstruksjonen: Hovudspennet mellom tårna er 1310 meter langt, og brua er 1380 meter i alt. Brutårna ragar om lag 200 meter over fjorden. Seglingshøgda under brua er 55 meter. Dette er ein fin tur også for alle hjulbrukarar. Men dei må vera merksame på at det er litt stigning til og frå parkeringsplassane til brua, særleg ved Bu.
Det er ofte trekk på brua, som gjer det svalt om sommaren. Men vår og haust bør ein ha varme klede på seg. Vinterstid kan det vera is på underlaget.
Det er gratis passering for gåande, syklande, moped og motorsykkel over brua.
Er du i Eidfjord utan bil? Leig ein bil hjå Eidfjord Autorent.
Kilde: Destination Hardanger Fjord AS