Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ulvik

Hardangerfjord og Osafjord RIB safari - Hardangerfjord Adventure

Bestill
74971B73-3EE5-41E4-BF5A-62D10BF2B8C9_1_105_c
Hardangerfjord Adventure-67
E0A0F95D-FB1C-442D-A0F3-6BE6AE1CB3A3_1_105_c
Hardangerfjord Adventure-75
88C93CCC-0E12-4508-A2BB-63BB766D02FD_1_105_c
Hardangerfjord Adventure-65
C681B26B-89E2-4A38-ACDA-1BCED9216A83_1_105_c
0706D297-6E9C-4B88-8E71-E8F50C05EF5F_1_102_o
19F8416A-19C7-490A-B295-941E6911D2C6_1_105_c
Hardangerfjord Adventure-77
Hardangerfjord Adventure-72
Hardangerfjord Adventure-56
Hardangerfjord Adventure-81
Hardangerfjord Adventure-78

To spektakulære fjordarmar på éin eventyrleg tur!

Denne turen startar i Ulvik, og tek deg med på ei oppleving av både Simadalsfjorden og Osafjorden – to av Hardangerfjorden sine mest imponerande fjordarmar. Turen går først under den majestetiske Hardangerbrua, før ferda fortset mot Simadalsfjorden, der høge fjellformasjonar og krystallklart fjordvatn omkransar deg.

Vidare går turen inn Osafjorden, ein vakker og urørt fjordarm med veglause bygder og eit rikt kulturlandskap. Guiden deler spennande fakta om livet langs fjorden før i tida, frå isolerte bygder til korleis menneska har tilpassa seg naturens krefter.

Undervegs vil det bli fleire stopp for å nyte synet av fjordlandskapet, kanskje sjå havørn eller niser, og sjølvsagt for å ta uforgløymelege bilete. Båten lar deg oppleve fjorden frå ein unik synsvinkel – nært og på ein trygg måte, men med akkurat passe mykje adrenalin.

Dette er den ultimate Hardangerfjord-opplevinga for eventyrlystne familiar, par eller vennegjengar.

Sesong: Mai – september

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Hardangerfjord og Osafjord RIB safari - Hardangerfjord Adventure

Bestill

Sider du nylig har besøkt