Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Kvam

Haukåsfjellet

Haukaasfjellet-mot-sor_Foto_Karen_Matthiessen
Haukaasfjellet_mot_Vesoldo_Foto_Karen-Matthiessen
Jon_Fosse-sau_paa_veg_til_Haukaasfjellet_Foto_Karen-Matthiessen

Turen til Haukåsfjellet høver godt for heile familien. Langs stien finn du saue-figurar med strofer frå eit Jon Fosse-dikt på seg.

På Haukås startar stølsvegen til Holseter. Den er nyopprusta og du ser godt at det er gjort arbeid for å utvida vegen. Nokre hundre meter innover stølvegen ligg eit hyttefelt og her startar bomvegen. Ein liten km oppover vegen kjem du opp på ein flate: Hansamyra. Her skal du ta av frå Holsetervegen og oppover på venstre side av vegen.

Turen til Haukåsfjellet er godt merka, og det står ei informasjonstavle der du skal ta av. Langs stien står det sauer som er laga av ungdomsskuleelevar ved Strandebarm skule. Teksten på sauene vert til saman stykket ”Kvar vår det same” av Jon Fosse. Viss du ser deg godt rundt på turen, kan du sjå 10 strandebarmsstølar.

Meir informasjon: https://ut.no/turforslag/119649/haukasfjellet

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Haukåsfjellet

Sider du nylig har besøkt