Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang

Jaastad gjestetun

Bestill
Uteomra°det17
Drone3
Bad12
Stue1
Eldhuset
Stue6
Tunet2
Tunet3
Uteomra°det10

Jaastad gjestetun er eit unikt ferieparadis med storslått utsikt over Sørfjorden.

Gardstunet ligg svært skjerma til, omkransa av flotte eplehagar. Einebustaden held høg standard og kan husa storfamilien, leiargruppa eller vennegjengen. Tunet har verken naboar eller trafikk i syne, og du opplever ein fantastisk ro her. Hovedhuset har stove, spisestove, velutstyrt kjøkken, to bad og seks soverom med overnatting til ti personar. Uteområdet gjer rom for både avkobling og allsidig aktivitet for store og små. Om du vil besøke siderprodusentane, gå tur til Trolltunga, oppleve Dronningstien eller nyte det som Hardanger ellers har å by på, er dette riktig stad.

Om staden
Eigedommen har vore i drift som fruktgard i generasjonar. Eit stort uteområde gjev rom for både avkopling og allsidige aktivitetar for store og små. Frå eigedommen går det fine vegar vidare opp mot fjella, dersom ein ynskjer å utforske nærområdet til fots. Hovudhuset består av stove, spisestove, kjøken, to bad og seks soverom. Kjøkenet er romsleg og godt utstyrt, med alt ein treng for sjølvhushald. Begge bada er av nyare dato og inneheld både badekar og dusj. Uteområdet er stort og variert, med langbord for ti personar. I tillegg er det grill, shuffleboard, små fotballmål, dart og moglegheiter for mange andre uteaktivitetar. Perfekt for både avslapping og moro!
 

Gjestetilgang
Som gjest har du tilgang til heile uteområdet og dei fleste bygningane på eigedommen:
Det gule hovudhuset: Har seks soverom og ti sengeplassar.
Eldhuset: Det raude huset nær hovudhuset. Ei lun utestove der du kan dekke opp til festbord ved dårleg vær, eller berre fyre i bålpanna og nyte kvelden og utsikta.
Stabburet: Med to ekstra sengeplassar som kan brukast om sommaren.
Garasjen: Har straum og kan nyttast om ønskeleg.
Det kvite huset og låven er ikkje tilgjengelege for gjestene og vil vere låste.

Aktivitetar
Eplehagar
: Eigedommen er omgjeven av eplehagane til Jaastad sideri. Du kan bestille sidersmaking som ein del av opphaldet.
Trolltunga og Dronningstien: Ligg i nærleiken med kort køyretid.
Badestrand på Aga: Perfekt for ein sommarleg avstikkar.
Fjellvandring: Fleire flotte turmoglegheiter i området.

Kjøken og hushald
Sjølvhushald
Sengetøy er inkludert i leiga

Romfasilitetar
Oppvaskmaskin
Vaskemaskin og tørketrommel
Badekar
Barnerom og sprinkelseng

Sesong
Eigedommen er tilgjengeleg heile året!

Velkommen til ei unik oppleving der natur, tradisjon og komfort møtest!

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Jaastad gjestetun

Bestill

Sider du nylig har besøkt