Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Ullensvang

Kråkestien på Lofthus - Dronningstien sør

Yrjan Olsnes-9633
Yrjan Olsnes-9625
Yrjan Olsnes-9610
Yrjan Olsnes-9643
Yrjan Olsnes-9636
Yrjan Olsnes-9593

Kråkestien byr på lett tilgjengelig panoramautsikt! 949 trappetrinn tar deg til Vetlehedlesnipa, kor du har flott utsikt over bygda Lofthus og Hardangerfjorden i begge retningar.

Kråkestien med sine 949 trappetrinn er ein fantastisk tur, enten ein vil starte eller avslutte turen over Dronningstien her, eller berre gå opp og ned Kråkestien som ein kort tur med fantastisk utsikt.

Turen til Kråkestien startar ved fotballbanen på Lofthus, like over Hardanger folkehøgskule. Parkér ved idrettshuset og gå langs utsida av fotballbanen til enden før ein svingar opp i terrenget. Når ein passerer eit oppdyrka område med frukttrær, går ein langs sida av trea der ein finn sherpatrappene i enden av frukttrærne.

Kråkestien er ein middels krevande tur som startar bratt oppover, men flatar etter kvart ut mot toppunktet Veteheldesnipa, kor ein får fantastisk utsikt over Lofthus og Sørfjorden i begge retningar.


Distanse: 3 km. 

Estimert tidsbruk: 1,5 - 2 timar tur/retur. 

Total stigning: 487 høgdemetre. 


Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Kråkestien på Lofthus - Dronningstien sør

Sider du nylig har besøkt