There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Den vakre kraftstasjonen ligg nede ved fjorden og er eit monument over vasskrafteventyret som starta i 1906. Museet tilbyr
omvisingar i kraftanlegget, vising av film, faste- og skiftande utstillingar. Museumsbutikk og kafé. Skreddarsyr opplevingar til turopplegg, konferanse og seminar. Facebook
Lilletopp
Fottur til voktarbustaden i fjellsida bak Norsk Vasskraft- og Industristad Museum (NVIM). Her får du sjå fordelingsbassenget,
dei tørrlagde tunnellane og starten av røyrgata som går ned til NVIM. Omvisingar utanom opningstid kan bestillast.
23.06-13.08 1-7 11:00 - 16:00
Odda Vitensenter i Odda sentrum
Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. Vitenpark med spennande installasjonar. Dette er ein lærerik leikeplass for heile familien!
18.06-11-08 2-6 11:00-16:00
Kraftmuseet tilbyr ulike opplevingar i Odda sentrum for grupper på bestilling. Omvising i Arbeidarbustadane i Folgefonngata, innreia som dei var i 1910, 1920, 1930, 1950 Omvising og utstilling av kunsthandverk i den største industrismia i Norden. Omvising på Smelteverket, som ein gong var verdas største karbidverk. Byvandring med vektlegging av arkitekturhistorie ogbyplanlegging.