Tyssedal

Kunstsamlinga på Tyssedal Hotel

  • Historisk Tyssedal Hotel opplyst i kvelden, omgitt av fjell og Hardangerfjorden.
  • Måleri frå Tyssedal Hotel si kunstsamling som viser ein fiskar som bøter garn, eit uttrykk for det tradisjonelle livet i Hardanger.
  • Romantisk måleri frå Tyssedal Hotel si kunstsamling, med ei mytisk skapning som spelar harpe ved fjellbekken.
  • Boblebad på Tyssedal Hotel med utsikt mot fjorden i solnedgang.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 53 64 00 00

  • Gamle Oddaveg 3

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Opplev historie og kunst i den historiske utstillinga med originalverk av Nils Bergslien og andre kjende kunstnarar. Bestill kunstvandring i resepsjonen på Tyssedal Hotel!

Det historiske hotellet rommar ei spektakulær samling originalmaleri av Nils Bergslien, Christian Krogh, Askvold, Adelsten Normann, Morten Müller, Ludvig Shramstad og Hans Ch. Dahl, Frithjof Smith-Hald, Knut Bergslien, Emma Pastor Normann og Marit Ann Bolseth Addison.Dette er ei unik samling som eigarane av hotellet, Tyssefaldene, har opparbeida seg gjennom nesten eit århundre.

Mest representert er malaren Nils Bergslien. Han vart født i 1853 på Voss, og døydde i Eidfjord, kor han budde, i 1928. Han var nevø av den kjende malaren Knut Bergslien og den like kjende biletthoggaren Brynjulf Bergslien.
Nils Bergslien fekk utdanninga si hjå Knut Bergslien og Morten Müller sin malarskule i Christiania i 1871 og 1872, og hjå landskapsmålaren Otto Seitz i München fra 1876-79. Han er i høgaste grad ein nasjonalromantisk måler, og henta mykje inspirasjon frå sagn, eventyr og Noregshistorien i tillegg til Hardangervidda og det vestnorske fjellandskapet.
Etter hotellet opna i 1912, var Bergslien ein hyppig gjest. Maleria som heng i foajeen og restauranten er betaling for kost og losji. Han budde på hotellet i fleire periodar. Motiva av tusser og troll, og av vindrikkande dansande munkar skapte mykje blest i si tid.

Hotellet er elles ein stor eksponent for arkitekten Geir Grung, den mest kjende modernistiske arkitekten i førre århundre.

Spør i resepsjonen om å få ein kunstvandring! Kan også bestillast på førehand for grupper. Hotellet er heilårsope.


  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS