Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)
Kvinnherad

Kvinnherad Kyrkje

Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-2-UTE
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-3-UTE
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-1-UTE
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-5-NEDGANG
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-4-OPPGANG
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-8-ORGEL
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-6-ALTER
Web-Gunnar Langeland-Kvinnherad-7-PREIKESTOL

Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen då mange meiner ho er ei av dei vakraste middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein kring 1250 og har vore ei av fire hovudkyrkjer i Hordaland. Dette syner at Rosendal har vore eit rikt og viktig senter for kristendomen.

Alteret i stein har holrom med plass til relikviar, eitt av fleire minne frå katolsk tid. Frå 1678 fram til 1910 var kyrkja eigd av Baroniet Rosendal, som stod for oppussing og dekorering i dette tidsrommet. Himlinga er strødd med stjerner og andre himmellekamar for å gje kyrkjelyden ei kjensle av å sitja under Guds himmel.

Omlag 1670 vart gravkammeret for Rosenkrantzfamilien bygd, og det er framleis intakt med vakre sarkofagar. Altertavla vart måla av Hans Sager i 1705 på oppdrag frå baron Aksel Rosenkrantz, og syner nattverden, krossfestinga og oppstoda.

Kyrkja er open for omvising i høgsesongen for enkeltpersonar, elles for grupper etter avtale.

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Kvinnherad Kyrkje

Sider du nylig har besøkt