Tyssedal

Lilletopp - Kraftmuseet

Bestill
  • Utsikt over Lilletopp og Sørfjorden frå høgda, med dramatiske fjell og vakker norsk natur.
  • To turgåarar på veg opp til Lilletopp, med spektakulær utsikt over fjorden og fjella.
  • Turistar nyt ein roleg kaffipause med panoramautsikt frå Lilletopp over Sørfjorden.
  • Inne i dei historiske gruvene på Lilletopp, der besøkande kan utforske kraftindustriens historie.
  • Flyfoto av Lilletopp, med dei bratte fjellsidene og det ikoniske rørsystemet ned mot fjorden.
  • Dei imponerande rørledningane frå Lilletopp, ein viktig del av vasskrafta i Hardanger.
  • Ei gruppe besøkande på omvising inne i tunnelane på Lilletopp, der industrihistorie møter eventyr.
  • Rørleidningar frå kraftverket strekkjer seg ned mot Odda, omgjeve av vakker norsk natur.
  • Lilletopp og kraftverket sett frå fjorden, eit historisk symbol på norsk ingeniørkunst.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53 65 00 50

  • Skjeggedalsvegen

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

Ta ein kort topptur med makelaus utsikt i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal ligg herleg til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her kan du sitja på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet i Sørfjorden. Det som gjev turen det vesle ekstra, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på Lilletopp og rallaren sitt rike inni fjellet.



OM TUREN (ca. 45 minutt ein veg)

Parkering ved Tyssohallen på P1. På Kraftmuseet ved fjorden får du P-billett for 3 timars korttidsparkering ved kjøp av inngangsbillett til museet. Du går femten minutt på veg, før du tek stien ein halv time over skarv og i trapper i historiske omgjevnader. Utsikta er fantastisk heile vegen, og du går heile tida tett på kulturminne som fortel om det visjonære arbeidet med å skaffa elektrisk kraft tidleg på 1900-talet. Du går på eiga hand frå parkeringa og opp til Voktarboligen på toppen.



PARKERING

Sving innom Kraftmuseet på kaien i Tyssedal for å henta parkeringsbillett. Parkeringa er ved Tyssohallen i øvre del av Tyssedal.



BRUK GODE TURSKO!




  • Hele året
Pris – Fra pris80 NOK *
Pris – Per dag150 NOK *
* Pris fra

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS