Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
Ad
Fjord Norway Hardangervidda Ullensvang

Mikkelparken Ferietun

  • Hardangertun, Ullensvang
  • 53 67 13 13
  •  /  km From You
Overview

Hardangertun ligg vakkert til i Kinsarvik, like ved Hardangerfjorden på Rv 13.
Frå Kinsarvik er det berre ein kort køyretur til Lofthus, Tyssedal, Odda og Eidfjord, eller ein kort ferjetur til Utne

Omgitt av dei høge fjella, fjorden og den vakre naturen er Hardangertun eit naturleg valg for familiar som skal på helgeturar og feriar. Kinsarvik er ein perfekt stad for avslapping, turar i den vakre Husedalen med sine fire flotte fossar, besøk i den over 900 år gamle Kinsarvik kyrkje, kanopadling på fjorden eller fiske.

Ta gjerne turen til Lofthus og dei berømte Munketreppene. Der kan de oppleva ein fantastisk utsikt over Sørfjorden. For dei som er skikkeleg spreke vil ein tur til Tyssedal og den majestetiske Trolltunga vera ein opplevelse for livet. For dei kulturinteresserte vil ein tur til Utne og Hardanger folkemuseum vera ein opplevelse. Eller de kan ta turen til Eidfjord og besøka Sima Kraftverk og Hardangervidda Natursenter.

Det er Hardangertun som eig og driv den populære Mikkelparken som ligg rett på andre sida av vegen.

Hardangertun 26 store hytter og 8 leilegheiter, i tillegg til eit stort campingområde. Anten de er to personar, ein familie på åtte, eller køyrer med bubil/campingvogn vil Hardangertun vera staden for dykk.

I tillegg til å driva Hardangertun leirskule, tar òg mot grupper, kor og korps som ynskjer helgesamlingar.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS

Opening hours

1. jan 2013 – 31. des 2026:
Daily: 24 hours
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad