There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Nasjonal turistveg Hardangervidda tek deg frå høgfjellsplatået Hardangervidda 1250 moh og Hardangervidda nasjonalpark til kanten av Hardangerfjorden. På den 67 km lange vegstrekninga får du m.a. oppleve det største høgfjellsplatået i Nord-Europa, Vøringsfossen, den ville Måbødalen og det majestetiske fjordlandskapet. Undervegs er det mange opplevingar å ta med. Gå gjerne turstien frå 1872 inn til Vøringsfossen og kom tett på den kjende fossefallet. Eit besøk på Hardangervidda Natursenter Eidfjord kan også anbefalast, opplevingssenteret er Nasjonalparksenter for Hardangervidda og har spennande utstillingar. Få også med deg panoramafilmen Fjord Fjell Foss produsert av Ivo Caprino. Om du ynskjer å stoppe for ein matbit eller overnatte langs Nasjonal turistveg Hardangervidda så er det mange og varierte tilbod å velje mellom.