Ulvik

Haugesenteret

  • Interaktiv utstilling på Haugesenteret med fokus på lesaren Olav H. Hauge og hans verk, omringa av kunst og litterære verktøy.
  • Barn og vaksne nyt sansestasjonen ved Haugesenteret, der dei vert oppmoda til å "Bruk sansane" for ei heilskapleg oppleving.
  • Bestemor og barnebarn oppdagar litterære skattar i ein interaktiv utstillingsboks på Haugesenteret.
  • Ein glad besøkande på Haugesenteret utforskar utstillinga om anglo-amerikansk songlyrikk.
  • Haugesenteret ligg vakkert til ved fjorden i Hardanger, med fjell og blømande rododendron i bakgrunnen.
  • Born får utfalde seg kreativt i aktivitetssenteret på Haugesenteret, med fokus på kunst og litteratur.
  • To barn utforskar ein spennande interaktiv installasjon på Haugesenteret, omgitt av fargerik belysning.
  • Interaktive boksar på Haugesenteret med kreative oppgåver og litterære sitat frå Olav H. Hauge sine verk.
  • Ei ung jente les i ei illustrert bok på Haugesenteret, oppslukt av dei fantasifulle teikningane.
  • Familie samarbeider om ei oppgåve på Haugesenteret, der dei lærer om typografi og tekst frå Hauge sine dikt.
  • Ei gruppe barn får ei innføring i Olav H. Hauge sine barnebøker, med morosame illustrasjonar som fangar merksemda deira.
  • Lys og moderne utstillingsrom på Haugesenteret, med bøker og interaktive element hengande frå taket.
  • Guiding ved Haugesenteret, der besøkande får innsikt i Hauge sitt liv og forfatterskap gjennom utstillingsbiblioteket.
  • Kvinne les litterære verk hengande frå veggen i ein stille og intim del av utstillinga på Haugesenteret.
  • Formidlar ved Haugesenteret viser ei verdifull bok frå samlinga til interesserte besøkande.
  • Bord med interaktive boksar og sitat frå Hauge sine dikt, inkludert kreative aktivitetar på Haugesenteret.
  • ente leikar og utforskar kreative oppgåver i barneavdelinga på Haugesenteret.
  • Utstilling av Olav H. Hauge sine dagbøker, ein viktig del av forfattarskapet hans på Haugesenteret.
  • Smilande barn leikar med ein gammal telefon på Haugesenteret, ein del av den interaktive utstillinga.
  • Ein engasjert formidlar hjelper born med å utforske og bruke sansane i ein aktivitet på Haugesenteret.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • 40 43 60 95

  • Promenaden 7

    Ulvik, Vestland

    Vis i kart

Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar, og levde heile sitt liv i Ulvik. Ved Haugesenteret kan du bli betre kjend med Hauge si livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Museet har opplevingar for både born og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella frå det gamle heradshuset i Ulvik.

Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar, og levde heile sitt liv i Ulvik. Ved Haugesenteret kan du bli betre kjend med Hauge si livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Museet har opplevingar for både born og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella frå det gamle heradshuset i Ulvik.



Utstillingar – bøker med mange tankar



Frå heimen på Rossvoll i Ulvik skaffa diktaren og fruktbonden Hauge seg vidt utsyn og store kunnskapar gjennom lesnad av verdslitteratur. Han skreiv dikt frå kvardag og natur, og gjorde seg mange tankar om livet og litteraturen i dagbøkene.



I utstillingane får du utforska ulike sider ved diktinga til Hauge og hans særeigne liv. Du kan sjå den omfattande boksamlinga hans og bli kjend med forfattarane som inspirerte han. Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som du både kan sjå, høyre og ta på. I poesiverkstaden kan du lata deg inspirera til å skriva dikt sjølv. Gjennom heile sommarsesongen kan du òg sjå dokumentarfilmen “Ordmeisteren Hauge” av Randi Storaas.



I den nye temautstillinga om Jon Fosse kan du utforska mangfaldet hjå den nobelprisvinnande diktaren, forfattaren og dramatikaren frå Strandebarm.



Grupper kan tinga omvising i utstillinga, poetisk skrivekurs og filmframsyning, og få eit utvida møte med Olav H. Hauge sitt liv og verk gjennom våre dyktige formidlarar.



For borna



Haugesenteret har fleire aktivitetar for born og unge. Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymd seg fleire stadar i utstillinga. Ved å fylgja kattespora finn borna katten på uventa stader, og vert kjende med både diktaren og katten. Utebiblioteket på Tunheim har bøker for både store og små. Her kan born og vaksne lesa ute i det fri og nyta utsikta over bygda. Dette er eit samarbeid med Gløgg 4H og Ulvik Turlag. Bokstavjakta tek jegerane med på eventyr rundt om i Ulvik. Løypa har ei rekkje postar med ein bokstav kvar til løysingsordet, i tillegg til lesetips, turtips og anna innhald.



Opplevingar



Haugesenteret byd på eit breitt og spennande kulturprogram gjennom heile året. Her kan du få alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, diktopplesingar, faglege føredrag og gode samtalar. Det er også fine lesestunder, kreative verkstadar og varierte framsyningar for borna.



Poesifestivalen



Annakvart år i september arrangerer Haugesenteret den tradisjonsrike Poesifestivalen, der ein får oppleva lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik. Festivalen utmerkjer seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen.



Museumsbutikken



Haugesenteret har ein museumsbutikk med eit breitt utval av bøker om og av Olav H. Hauge, samtidslyrikk og nynorsk litteratur for born og vaksne. Her kan du òg finna ei rekkje gåveartiklar til små og store, lokale handverksprodukt og varer utvikla av Haugesenteret sjølv.



Opningstider





februar–30. april

Måndag: stengt

Tysdag–fredag: 10.00–15.00

Laurdag og sundag: stengt



1. mai–31. august

Måndag: stengt

Tysdag–fredag: 10.00–15.30

Laurdag og sundag: 11.00-16.00



1. september–20. desember

Måndag: stengt

Tysdag–fredag: 10.00–15.00

Laurdag og sundag: stengt



2. januar–31.januar

Ope for skular, barnehagar, grupper og arrangement etter avtale. Ta kontakt på [email protected]



Museet er stengt skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, fyrste påskedag, 17. mai, Kristi himmelfartsdag, 2. pinsedag, romjula, og fyrste nyttårsdag.



Prisar



Vaksen kr 110





Rabattpris kr 75



Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane



Barn/student



Fri inngang



Sommarpass



kr 55



Gruppeomvising



kr 160 per person



Skrivekurs



kr 200 per person



Gruppeomvising og skrivekurs



kr 300 per person



Tillegg for gruppebesøk utanom opningstid



kr 1500



I sommarsesongen frå 24. juni til 18. august er det dagleg omvising i utstillinga kl. 12.30. Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.



Skular og barnehagar med formidlingsopplegg

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis. Ta kontakt på førehand på [email protected] eller telefon 40 43 60 95.



Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)

Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på [email protected] eller telefon 56 52 70 70.



Billettsal

Billettsalet er i betent resepsjon. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.



Sjå nynorsk.no for meir informasjon


  • Hele året
Pris – Per dag110 NOK *
* Pris fra

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS