Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Restaurant - Røldalterrassen

Book

Opplev lokal, kortreist mat hjå Røldalterrassen medan du nyter panoramautsikt over Håradalen og Røldal i avslappande og trivelige omgjevnader. Velkommen!

Røldal er meir enn berre mektig natur i fjellheimen. Med blant anna panoramautsikt over Håradalen og lokale delikatesser frå Hardanger-regionen, er Røldalterrassen ei flott oppleving anten du har lyst på god mat og drikke, skal arrangere kurs, konferanse eller selskap, har sansen for flott utsikt, ser etter overnatting eller berre ynskjer ein pause langs vegen.

Er du i Røldal, rådar me deg til å prøve restauranten. Kjent for kulinariske høgdepunkt og sin lette tilgjengelegheit heile året, vert du langt frå den fyrste som let seg imponera av Røldalterrassen. Kokkane brukar lokalproduserte råvarer frå Hardanger-regionen, varierer ingrediensane og menyen etter årstidene, og med leverandørar som mellom anna Homlagarden og Larsastova, veit du at det er kvalitet i det du får servert.

Hjå Røldalterrassen, finn du garantert noko som passar deg. 50 min unna Trolltunga, 20 min frå Odda og tre timar til Preikestolen – som eit naturleg knutepunkt til mange store opplevingar, kan du nyte måltidet anten du vil ha det før turen eller etter. Kortreist mat og langvarige minner - med panoramautsikt utover Røldal, som for øvrig er verdt eit besøk i seg sjølv, får du varmande matretter i avslappande og trivelige omgjevnader, inne som ute.
Book ei kulinarisk og flott oppleving på deira heimesider, ei oppleving som og kan kombinerast med overnatting.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Restaurant - Røldalterrassen

Book

Sider du nylig har besøkt