Herand

Samlen - topptur

  • Magisk solnedgang frå Samlen i Hardanger – ei uforgløymeleg naturoppleving.
  • På toppen av Samlen – eit spektakulært utsiktspunkt over Hardangerfjorden.
  • Startpunkt for toppturen til Samlen – ein variert tur frå skog til fjelltopp i Hardanger.
  • Grøne dalar sett frå Samlen i Hardanger – ein fjelltur med utsikt over idylliske kulturlandskap.
  • Solnedgang over Hardangerfjorden sett frå Samlen – eit vakkert syn frå fjelltoppen.
  • Fjelltur til Samlen i Hardanger – ein vakker og luftig tursti med tradisjonelle vardar.
  • Utsikt frå toppen av Samlen i Hardanger – ein spektakulær topptur med panoramautsikt over fjord og fjell.
  • Send oss en epost

  • +47 480 70 777

Samlen byr på ein av dei finaste utsiktane i Hardanger. Frå toppen på 686 moh har du panoramautsikt både inn og ut fjorden - ein perfekt utfordring for ein kveldstur.

Utsikta på toppen av Samlen er spektakulær. I normalt tempo brukar ein omlag 1,5 timar opp og noko kortare tid ned. Toppen som ligger på 686 moh byr på panoramautsikt både inn og ut Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Norheimsund, Øystese og Samladalen.



Dette er ein perfekt utfordring for ein kveldstur. Den 5 km lange turen startar og sluttar på oppmerka sti, men turen opp til toppen er delvis veldig bratt, inkludert ei tretrapp og nokon steinete og våte delar. Når du har passert det bratte terrenget og nærmar deg skogssgrensa får du utsikt mot Herand og mot Herandsfjella – ein utsikt som fyljer deg resten av turen før kor du får utsikta over Hardangerfjorden.



Turen er merka med T heile vegen.



Startpunkt

Åsleite, 4,6 km nord for Herand sentrum langs fv 550. Du finn turskilt til Samlen på vestsida av vegen.



Parkering: Langs vegen eller på det høgste punktet på vegen (Åsleite), 4,6 km nord for Herand sentrum langs FV 550

Parkeringsavgift: Gratis

Lengde: 5 km

Total stigning: 470 meter

Total gangtid: 3 timar

Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - November


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS