Rosendal

Steinparken i Rosendal

  • Jente som leikar ved ein bekk i Steinparken i Rosendal, eit familievenleg turområde i Hardanger.
  • Informasjonsskilt i Steinparken i Rosendal som inviterer til natur- og geologisti for heile familien.
  • Rosa stein i Steinparken i Rosendal, ein av dei unike bergartane frå Hardanger.
  • Born som utforskar steinportalen i Steinparken i Rosendal – ein spennande stopp for barnefamiliar.
  • Geologisk steinprøve frå Steinparken i Rosendal med særprega mønster og fargar frå Hardanger.
  • Familie på tursti i Steinparken i Rosendal, omgitt av grøn natur og roleg skogsterreng.
  • Vatnhjul i bekk i Steinparken i Rosendal, ein leiken og lærerik aktivitet for born.
  • Familie som kosar seg med matpause i Steinparken i Rosendal, ein idyllisk plass for kvile og leik.
  • Steinprøver i sirkel i Steinparken i Rosendal, som viser mangfaldet av bergartar frå Hardanger.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • Kyrkjevegen 128

    Kvinnherad, Vestland

    Vis i kart

Steinparken ligg sentralt i Rosendal og er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. I parken er det ei samling av forskjellige steinarter frå regionen og utstillingar med prehistorisk tema.

Steinparken, eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark, er fin for store og små. Mellom steinblokker, bearbeida av skulptøren Bård Breivik og steinhoggaren Rolf Karlsen, er det rasteplassar, vasshjul og segledammar. Her er forteljingar om livet på jorda, klimaendringar og fossilar.



Parken ligg sentralt i Rosendal og er heilårsopen. Gratis inngang!



I Steinparken finn du og det nye, flotte Dinosaurhuset. Her kan du sjå ekte våpen og reiskap etter dei første menneska ved Hardangerfjorden.

Visste du at fuglane er etterkomarar av dinosaurar? Her kan du lære å kjenna att meir enn 20 ulike fuglesongar. Sjå heimeside for pris og opningstider til Dinosaurhuset.


  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS