Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
Ad
Fjord Norway Hardanger Odda

Trolltunga

  • Skjeggedal, Odda
  • 48070777
  •  /  km From You
Overview

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 23 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 1000 m.

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 27,5 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 1000 m. DET ER EIN LANG OG KREVJANDE TUR. Det går merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. Undervegs er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr før ein startar turen. Det er delvis mobildekning (Telenor) undervegs. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni, avhengig av når snøen smeltar, til midten av september. ÅTVARING – IKKJE GÅ TIL TROLLTUNGA OM VINTEREN. Frå mars kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active.

All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Det er viktig å ha gode fjellsko, ta med ekstra klede, regnklede og vere førebudd på dårleg vêr. Ta med kart og kompass, rikeleg med mat og drikke, lommelykt og enkelt førstehjelpsutstyr. Vêret i høgfjellet kan endre seg raskt, sjekk derfor vêrmeldinga rett før du går til Trolltunga. Gå ikkje til Trolltunga dersom det er sterk vind, mykje nedbør eller tåke. Det er alltid kaldare på fjellet enn nede ved fjorden. Respekter naturen.

Kvart år er det redningsaksjonar etter turgåarar i vanskar. Vis aktsemd og ver godt førebudd for turen. Start tidleg om morgonen. Frå september er perioden med dagslys forholdsvis kort og nettene er ofte kalde, vi anbefaler derfor å starte seinast kl. 8.00 om morgonen.

Dersom ein ynskjer å overnatte undervegs må ein ta med eige telt.

Sesongen for fottur til Trolltunga vil variere frå år til år, på grunn av snø- og verforhold.

15.juni-15.september Anbefalt sesong (normalår)

16.september-15. oktober Anbefalt med guide

16.oktober-3.mars IKKJE anbefalt, svært farleg.

4.mars-14.juni Anbefalt med guide (truger/ski)

Ta kontakt med Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting turistkontor@odda.kommune.no

GUIDA TURAR TIL TROLLTUNGA

Aktivitetsselskapet Trolltunga Active tilbyr guida turar.

Alternativ 1: Guida fottur til Trolltunga (frå juni til midten av oktober).

Alternativ 2: Guida truge- eller skitur til Trolltunga (frå mars til slutten av mai). www.trolltunga-active.com

TRANSPORT OG PARKERING

MED EIGEN BIL:

Køyr Rv 13 til Tyssedal (6 km frå Odda). Frå Tyssedal føl du skilta Skjeggedal og Trolltunga. Etter om lag 7 km er du på parkeringsplassen i Skjeggedal. Parkering i Skjeggedal (300 kr/dag) eller ved Tyssohallen i Tyssedal (150 kr/dag) (2017). Parkeringsavgifta vert nytta til fellesgode i området.

Alternativ parkering for inntil 30 bilar på Topp, 4 km frå Skjeggedal inn mot Trolltunga. Bratt og smal (privat) grusveg med skarpe svingar, 400 høgdemeter stigning og 17% stigning på det brattaste. For erfarne sjåførar. Firehjulstrekk er anbefalt. Vegen opnar kl. 07:00, og er tilgjengeleg for dei som kjem først. 500,- for dagsparkering, betaling ved starten av vegen. Maksimal bilhøgde er 2 meter. Forbode for bubilar og motorsyklar. www.trolltunga-road.com

MED OFFENTLEG TRANSPORT:

MELLOM ODDA OG SKJEGGEDAL (startpunkt for turen til Trolltunga): 

Trolltunga Shuttle: (15. juni – 15. sept.) Henting på sentrale overnattingsstader i Odda.

Frå Odda

Odda Camping: 06:10, 07:20

Trolltunga Hotel: 06:15, 07:25

Odda Taxi stand: 06:30, 07:35

Trolltunga Studios (aldeplass Freim): 06:31, 07:36

Tyssedal Hotel (bussterminal): 06:35, 07:40

Trolltunga Guesthouse (ved brua): 06:37, 07:42

Tyssohallen parkeringsplass: 06:40, 07:45

Skjeggedal (startpunkt Trolltungatur): 06:55, 08:05 Frå Skjeggedal

Skjeggedal: 17:30, 18:30, 19:30

Offentleg buss: Rute 995, www.skyss.no. 

 

REISE FRÅ BERGEN

Bussrute 930 Bergen-Odda www.skyss.no. (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).  

REISE FRÅ OSLO

Alternativ 1: Tog Oslo-Voss www.nsb.no

Bussrute 990 Voss-Odda www.skyss.no (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).

Alternativ 2: Haukeliekspressen (buss) Oslo-Odda www.nor-way.no (kjøp billett på nett).

 

REISE FRÅ STAVANGER OG PREIKESTOLEN

I sommarsesongen går Trolltunga-Preikestolen ekspressen mellom Preikestolen-Røldal-Odda-Tyssedal. www.tide.no  (kjøp billett på nett).

 


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad