Rosendal

Tursti til Malmangernuten frå Rosendal

  • Panoramautsikt frå Malmangernuten over den djupe Hardangerfjorden og grøne øyar, med ein turgåar som nyt utsikta frå fjellkanten.
  • Utsyn ned i Hattebergsdalen der elva slyngjer seg mellom bratte fjellsider og grøne fjellbeiter.
  • Lita fjellpytt på Malmangernuten med utsikt mot Hardangerfjorden i varm kveldssol.
  • Majestetiske fjellmassiv rundt Malmangernuten bada i varm ettermiddagssol.
  • Steinvarde på toppen av Malmangernuten med vidstrakt utsikt over Hardangerfjorden og dei mange øyane.
  • Fargerik regnboge som strekkjer seg over fjellsida ved Malmangernuten med utsyn mot Hardangerfjorden.
  • Storslått utsikt frå Malmangernuten over Hardangerfjorden med fjell, øyar og dramatisk skyspel.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53 48 42 80

Turen til Malmangernuten, som tar omlag 4 timar totalt, kan startast frå Rosendal Fjordhotel i Rosendal sentrum. Toppen ligg på 890 meter og her har du flott utsyn over Rosendal og nabobygdene samt Hardangerfjorden.

Stad

Rosendal



Turomtale

Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog. Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.



Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde.



Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Rosendal Turgruppe sitt rutekart.



Start- og sluttpunkt

Rosendal Fjordhotel.



Parkering

Øvre P-plass ved Rosendal Fjordhotel.



Merking

Informasjonstavle ved P-plassen.



T-merka med skilt og vardar.



Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.



Høgdeskilnad

0 – 890 moh.



Tidsbruk

4 timar t/r.



Gode råd

Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Skeisfjell, derfrå ned Murabotnen til grusvegen ut Hattebergsdalen. Sjå rute Malmangernuten, frå Hattebergsdalen


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS