Husnes

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

  • Stor steinblokk på høgda over Husnes med vinterkledd fjellandskap og klar utsikt mot fjordar og fjell på turstien til Mjelkhaug i Hardanger.
  • Solnedgang over øyar og fjordar ved Husnes sett frå turstien opp mot Mjelkhaug i Hardanger, med store steinar i forgrunnen.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53 48 42 80

Stad

Husnes



Turomtale

Følg stien til venstre (nordaust) frå parkeringsplassen. Etter kvart bratt opp Onarheimslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp til Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest. Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord. Ulvanosa mot aust.



Turkart

Folgefonna nasjonalpark.



Start og sluttpunkt

Parkeringsplassen ved rv. 48 tvers overfor Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes.



Parkering

Ved rv. 48 tvers over for Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes. Farleg kryss, vis varsemd.



Merking

Informasjonstavle ved start.

T-merka og skilta.



Gradering

Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.



Høgdeskilnad

25 – 1005 moh.



Tidsbruk

4 timar t/r.



Gode råd

Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synlege frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen. Sjå også ruter frå Valen, bruk fantasien for å leggja opp rundturar.


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS