There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Nyt utsikta av ein av dei mest imponerande fossane i Norge som kastar seg ut frå Hardangervidda høgfjellsplatå og slyngjer seg nedover det trange og ville dalføret Måbødalen.
Vøringsfossen er ein av dei mest kjente fossane i Norge som spring ut frå elva Bjoreia vest på Hardangerviddeplatået. Store vassmengder stuper 182 m rett ned i Måbødalen, eit trangt og vilt dalføre som slynger seg nedover til dei mjukare og grønare områda av Hardanger. Vassmengden i elva er regulert i samband med kraftutbygging i sommersesongen. Byggeprosjektet rundt Vøringsfossen er godt i gang, dei nye og spektakulære nye utsiktspunkta skal være ferdig i 2020.
På grunn av Vøringfossens gjennombrudd som nasjonalt symbol og naturattraksjon vart Hardangerfjorden trafikkert av fleire skip med turister frå 1861, og i 1891 stod Fossli hotel ferdig ved toppen av fossen.
Den einaste vegen til høgfjellsplatået var ein sti med 1300 trappetrinn opp Måbøfjellet, samt ein ridesti fra 1872, bygd for å frakte engelske turister inn til fossen. I 1891 vart ein ny veg med tunneler bygd langs vatnet mellom Eidfjord og Øvre Eidfjord, og i 1921 snirklet den første bilen seg heilt fram til hotellet. Gamle riksveg 7 i Måbødalen vert betrakta som eit mesterstykke av ingeniørkunst, men danna etter kvart ein flaskehals i trafikken. I 1986 åpna den nye riksveg 7 med fire tunneler med Mange fine rasteplassar og fotostopp.
For meir om historia til Måbødalen og Måbøgaldane, sjå her
Utsiktspunkt:
- Fossli Hotel
- Vøringfoss kafeteria & souvenir
- Fottur til botnen av fossen (mai - september)
Plassering:
- med bil ca.20 minutter frå Eidfjord sentrum retning Geilo ved Rv7
- Frå gamle RV7 går ein tursti du kan fylge inn til foten av fossen. Her får du godt utsiktspunkt. seong: mai - september
Turkart/referanse: turistinformasjonen i Eidfjord
Sightseeingtur fra Eidfjord til Vøringsfossen http://www.tidereiser.no/Sightseeing-Eidfjord