Vøringsfoss

Vøringsfossen

Bestill
  • Vøringsfossen som fossar ned i Måbødalen, omgitt av bratte fjellsider og grøne dalsider i Hardanger.
  • Et dronebilde av utsiktsplattformene rundt Vøringsfossen.
  • Et dronebilde av Fossli Hotel som ligger rett ovenfor fossen.
  • Et dronebilde der du ser tre personer på utsiktsplattformen over fossen.
  • Et dronebilde ovenfra og ned av den nye utsiktsplattformen med fossen i bakgrunnen.
  • Kart som viser stiar, utsiktspunkt og parkering ved Vøringsfossen og Fossatromma.
  • Gangbru strekkjer seg over juvet ved Vøringsfossen, omgitt av fjell og tre.
  • Trappebrua sett fra siden, med to kvinner som går nedover broen.
  • Den nye parkeringsplassen på Fossatromma sett under solnedgang.
  • Den moderne toalettbygningen ved parkeringsplassen, sett fra utsiden.
  • Send oss en epost

  • Fosslivegen 252

    Eidfjord, Vestland

    Vis i kart

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Frå dei spektakulære utsiktsplattformene nær Fossli Hotel, til trappbrua som kryssar elva over fossen og dei nye utsiktsplattformene og turstien heilt ned til Fossatromma, kan du sjå store vassmengdert styrte ned i Måbødalen.



Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupa 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel om lag 1 km frå rv 7 Nasjonal Turistveg Hardangervidda. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015, og alt inkludert parkeringsplassen på Fossatromma med toalett og ladestasjonar vart ferdigstilt i september 2024.



Fossen er delvis eller heilt frosen på vinterstid. Når det er store snømengder, er det ikkje trygt å ferdast ute på utsiktspunkta ved Fossli Hotel. Dette på grunn av at sikkerheitsgjerda kan vera nedsnødd.



Sesong:

Ver oppmerksam på at Vøringsfossen er oppe i fjellet, 700 moh. På våren og hausten må du passe på å ha på varme og vanntette sko og klede, då det kan vere snø og tøffe verforhold ved fossen. Parkering og toalettanlegg ved Fossli og på Fossatromma er tilgjengeleg 01.04.–31.10. med forbehold om små/normale snømengder, kan opnast seinare og / eller stenge tidlegare på grunn av snø, is og værforhold. Ved ferdsel på utsiktspunkta, må det til einkvar tid takast hensyn til vêr og føreforhold. Utsiktspunkta, trappebrua og deler av stisystemet er stengt om vinteren.



Er du i Eidfjord utan bil? Leig ein bil hjå Eidfjord Autorent


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS