Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vinje

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.

I 1927 var kunstnaren Henrik Sørensen på leit etter ein fast arbeidsstad i Telemark. Ein kveld kom han med bussen frå Dalen til Vinjesvingen. Her trefte han Olav N. Negarden for fyrste gong og fekk losji på garden hans. Dette blei starten på ein livslang venskap. I 34 år vende Sørensen attende til Smørklepp og Noristog Negarden, der han etter kvart fekk innreidd eldhuset til atelier. Frå tunet på Negarden kunne Sørensen sjå yndlingsmotivet sitt, fjellet Ånundskarnuten.

Midt i dette «målarlandskapet» finn du i dag eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet sto ferdig i 1991 og er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr. Det var sonen til Henrik Sørensen, Sven Oluf Sørensen, som tok initiativ til etableringa av både dette galleriet og Holmsbu billedgalleri i Hurum.

Namnet til galleriet var Vinje biletgalleri inntil 2022 då det blei døpt om til Smørklepp kunstmuseum.

Harald Kihle har óg fått sin plass i Smørklepp kunstmuseum. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.

Henrik Sørensen (1882 - 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.

Les meir om Henrik Sørensen her: Eit langvarig kjærleiksforhold

Harald Kihle (1905 - 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss «Det løynde Telemark» og lært mange å setje pris på kunsten.

Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.

Sørensenhytta 

Sommaren 2023 opnar Sørensenhytta som ligg rett ved museumsbygget. Hytta vil då vere nyoppussa og i tillegg til utstillingar innehalde eit rom med nokre av dei gamle møblene og gjenstandane som fulgte med då hytta blei flytta hit frå Kyddingsmo i 2004. Henrik Sørensen kjøpte hytta i 1951, då var den drengestoge på Mo prestegard. Etter soga skal Torbjørg Ripilen – som song Draumkvedet for Moltke Moe i 1890 – ha budd i denne stoga når ho oppheld seg på prestegarden.

Det er vandrerute frå Mjonøy opp til museet.

Frå parkering opp til museet er det 400 metere skogsveg med litt stigning. For bevegelseshemma er det mogleg å køyre opp med bil, men vegen er steinete og ujamn.

Museet er diverre ikkje egna for rullestolbrukarar.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: booking@vtm.no

Tlf: 35069090

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

Sider du nylig har besøkt