Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vinje

Øyfjell bygdemuseum

Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.

Øyfjell bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Her kan du mellom anna sjå Noregs største ølhøne.

Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt vart han bygd i 1931 for å kunne stå til evig tid. Museet har og eit gardstun med våningshus, eldhus, låve loft, høysel, kamar og badstoge. I 2022 opna eit nytt kafébygg på tunet.

Brennevin par avion
Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i «slik var det i gamle dagar»-kategorien. Andre gjenstandar er meir «magiske», desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.

Mostøylstoga
Mostøylstoga er ei stoge frå slutten av 1800-talet, og den viser brytningstida mellom den gamle bondekulturen og den nye tida. Interiør, fargar og tapetar viser tydeleg at du både er i Vest-Telemark, men òg at noko heilt anna er på veg inn - bymoten.

Arbeidshesten
I låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i livet på ein gard. Hesten stod i ei særstilling, og var nærare folka – og då særleg mannen på garden – enn dei andre dyra. Den var den viktigaste arbeidshjelpa i skogen, på åkeren, i høyonna. Den skjussa folk til kyrkje i sorg og glede.

Nystog-samlinga
Frå garden Nystog i Mannås kjøpte Vinje kommune inn ei større samling. Den inneheld reiskap, husgeråd, klede og møblar skapt og samla gjennom generasjonar, er eit viktig dokument på handverk, folkekunst og folkekulturen. Samlinga er utstilt i andre høgda i museumsbygget.

Det er ny særutstilling på museet kvar sommar, og handverksaktivitetar kvar laurdag gjennom sesongen. Museet har ope laurdag og sundag i sommarsesongen.


Ta kontakt for gruppeomvising utanom sesong. E-post:booking@vtm.no

Last updated: 08/28/2023

Source: Vest Telemark

Øyfjell bygdemuseum

Sider du nylig har besøkt