












Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1931 har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
Øyfjell bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Mykje trearbeid finst her, mellom anna skåp og kister, og ikkje minst Noregs største ølhøne.
Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt og ferdigstilt i 1931 for å kunne stå til evig tid. Bygget er ei testamentarisk gåve til bygda av brørne Olav og Tarjei O. Trovatn. I perioden 1926-1928 var mange lokale krefter i sving med å leite fram og omarbeide stein, og frakte steinen til Mogen i Øyfjell. I testamentet sto det også at taket skulle dekkast med Vossa-skifer. I september 1931 møtte omlag 500 opp for å feire opninga av av den staselege museumsbygningen. Museet blei fylt med dei 171 gjenstandane som Trovatn-brørne hadde samla gjennom mange år.
Museet har vidare eit gardstun med våningshus, eldhus, låve, loft, høysel, kamar og badstoge. I 2022 opna eit nytt kafébygg på tunet.
Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i «slik var det i gamle dagar»-kategorien. Andre gjenstandar er meir «magiske», desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.
Mostøylstoga
Mostøylstoga er ei stoge frå slutten av 1800-talet, og den viser brytningstida mellom den gamle bondekulturen og den nye tida. Interiør, fargar og tapetar viser tydeleg at du både er i Vest-Telemark, men òg at noko heilt anna er på veg inn - bymoten.
Arbeidshesten
I låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i livet på ein gard. Hesten stod i ei særstilling, og var nærare folka – og då særleg mannen på garden – enn dei andre dyra. Den var den viktigaste arbeidshjelpa i skogen, på åkeren, i høyonna. Den skjussa folk til kyrkje i sorg og glede.
Nystog-samlinga
Frå garden Nystog i Mannås kjøpte Vinje kommune inn ei større samling. Den inneheld reiskap, husgeråd, klede og møblar skapt og samla gjennom generasjonar, er eit viktig dokument på handverk, folkekunst og folkekulturen. Samlinga er utstilt i andre høgda i museumsbygget.
Det er ny særutstilling på museet kvar sommar, og handverksaktivitetar kvar laurdag gjennom sesongen. Museet har ope laurdag og sundag i sommarsesongen.
This is an embeddedMicrosoft Office presentation, powered by Office.
Accessibility information
| Grupper min. 10 pers. – Pr. person | 90 NOK * |
| Familiebillett – Per dag | 280 NOK * |
| Voksne (fra 16 år) – Pr. person | 110 NOK * |
| Barn 6-15 år – Pr. person | 55 NOK * |
| Honnør/student – Pr. person | 90 NOK * |
| * Pris fra |
Kilde: Vest Telemark