There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Scandic Hotels - i alle landets store byer
Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede
Thon Hotels - fantastisk frokost
Hostelling International Norge - sov komfortabelt og rimlig
Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål
Widerøe - Skandinavias største regionale flyselskap
AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser
Vy express - gjør det enkelt å reise grønt med buss
DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo
Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget
Arctic Campers - lei din bobil eller camper
NOR-WAY Bussekspress - grønne bussreiser i hele Sør-Norge
Vy - å reise miljøvennlig skal være enkelt
Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"
Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser
Up Norway - skreddersydde reiser
Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser
Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett
Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer
Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil
Secret Atlas - Svalbard og Nord-Norge. Små Skip med 12 gjester.
DanCenter - din feriehusekspert i Norge
Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien
Beitostølen - eventyr og nytelse hele året
{{title}} {{:price}} - {{!preprice}} Price: {{?}} {{preprice}} {{/}} {{price}} {{:postprice}}{{postprice}}{{/}} {{?:pricing}} - {{pricing}} {{/pricing}}
Fottur på vakker sherpatrapp, spekka med kultur og historie.
Krevjande tur spekka med kultur og historie.
For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, for så å komme opp i høgda til vakraste Rui-plassen er heilt unik.
Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, du ser starten på trappa over vegen for Dalen B&B. Steinen du går på er brynestein! Brynestein frå Eidsborg er Noregs eldste eksportprodukt, frå vikingetid fram til 1950 blei millionar av bryner frakta ned vassdraget (Telemarkskanalen) og ut i den store verda.
Du kan også gå frå Lastein Bryggje (Dalen). På bryggja legg båtane på Telemarkskanalen til, her er det flott utstilling med naturfoto og servering på Lastein Bryggjekafe. God plass til parkering både på bryggja og i sentrum, i sentrum anten ved Coop eller oppe ved turistkontoret.
Går du frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 meter høge. Turistkontoret har turbrosjyre og gode turtips, velkommen innom!
Frå starten av trappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar.
I løpet av turen får du med deg fantastiske utsynspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs.
Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.
Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️ Alice og mor Lisette guidar og fortel om Rui-jentene på førespurnad, heilt gratis.
Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping.
Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste og flottaste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje. Rui-jentene ligg gravlagd saman med far Johan ved Eidsborg Stavkyrkje.
Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta deg ein tur opp til Brynesteinbrotet Brunåslid, ein tur på 4 km. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.
Turfakta:
Tilgjengeleg: april – oktober
Turkart: Tokke 1 : 50000
Lengde: 1 km til Rui/ 5 km til Eidsborg (ein veg)
Gradering: Raud
Totale høgdemeter: 468
Skotøy: Gode tursko
Høgaste punkt: Eidsborg 540 moh
Les meir: Boka om Rui-jentene som kom til Kongen er til sals på turistkontoret. www.visitdalen.com
Les om Rui-jentene på telemarkshistorier.no
Trapp opp formen! Her er Noregs lengste, flottaste og mest unike trappestiar (Visit Norway artikkel)
Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!
Frå kr 2435,- per person/natt i dobbeltrom
Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, inngangsbillett på Vest-Telemark Museum og 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).
Pakka er tilgjengeleg gjennom heile sesongen. https://www.dalenhotel.no/hotellpakker/rui/