Av Kyrre Andreassen.
«Eg har ein perfekt familie. Eg tryna med firmaet, men eg er i ferd med å ordne opp. Eg er på stigande kurs.»
Drammensaren Johannes er gift, har to barn og eit cateringfirma som har gått på dunken. Han hadde ei uheldig servering i eit selskap i Bærum, og kona skal ta ut separasjon. Alt Johannes ynskjer er å få vist verda korleis det eigentleg heng saman; at han er ein fin fyr.
Korleis handterer ein nederlag, sjalusi og eit krevjande familieliv når ein er ein ukueleg optimist med varierande sjølvinnsikt? Johannes Svendsen er ein handlingens mann som vil alt så godt, men rotar det til for seg sjølv på imponerande vis.
Kyrre Andreassen har nådd mange lesarar med sitt skarpe og vittige blikk på tilværet, han borar seg inn i familien og forholdet sine mangslungne irrgangar – og han set ord på det me ikkje lar kome til overflata.
Svendsens Catering er ein svart komedie frå Drammen, og eit skarpt innlegg i debatten om kor den moderne mannen står i forholdet til seg sjølv.
På scena: Bartek Kaminski, Amanda Bråthen, Stian Isaksen, Benedikte Sandberg, Håkon Thorstensen Nielsen og Andrea Vik.
Dramatisering: Marie Hafting
Regissør: Nora Evensen
Scenograf og kostymedesign: Gjermund Andresen
Komponist: Simon Revholt
Lysdesignar: Markus Tarasenko Fadum
Premiere 22. oktober på Brageteatret i Drammen.
Svendsens Catering blir også spelt i Hønefoss, Modum, Kongsberg, Asker og på Vega Scene i Oslo.
Last modified: 02.09.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv
Se hva som er i nærheten
Brageteateret: Svendsens Catering































































