Har du lagt merke til det? At du tek deg i å vere lei av ting du før brukte å finne deg i? Får du lyst til å si "FØKK IT"? Då kan det hende at Føkk-alderen har meldt sin ankomst. Det er den magiske tida når du er ferdig med å vere snill pike, og stadig oftare får lyst til å si i frå. Men det er ikkje gjort i ei handvending når du har brukt eit heilt liv på å vere flink, grei og tilpasningsdyktig. Korleis i all verda hamna me her – og endå viktigare: Kva gjer me no?
Dette er eit befriande ærleg show fylt av latter og attkjenning. Her får du humor med brodd, nokre alvorlege augeblikk, fleire aha-opplevingar, ei musikalsk overrasking(!) – og kanskje til og med lyst til å reise deg, lyfte armane og rope halleluja! For no, kjære deg, er det DI tid.
Her får du eit ekte feelgood-show. Eit vekkelsesmøte av dei sjeldne. Kom som du er – og gå heim litt friare, litt modigare og med eit stort smil om munnen.
Hjarteleg velkomen – dette vil du ikkje gå glipp av!
Last modified: 02.09.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv
Se hva som er i nærheten
Dora Thorhallsdottir: FØKK































































